Hopp til innhold

Side:Syn og segn 1895.djvu/351

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
347
Friedrich Nietzsche.


Og dette vart hans største yvervinning. Aa bøygja seg under denne lovi, det var som aa sleppa all menneskjevon; det kjendest som slutt paa alt, som ein » undergang«. Men han gav offeret. Han godkjende lovi, og hadde endaa vilje til aa bera livet; og ikkje berre til aa bera det. Han godtok det, »sa ja« til det, vilde det, gjorde livet paa desse vilkaar til sin eigen høgste vilje og elsk, »evig ropande da capo til det.« Midt i si rædsla song han upp med ein ny song, priste livet som det aldri fyrr hev vore prist; so fullgjorde hans offerhug sit store martyrium. Men i dette offer, i denne »undergang« føddest for Nietzsche den tanken som skulde gjeva han skadebot for alt, den som gav han krafti til aa syngja sin nye song: tanken um overmennesket.

Og ikkje berre tanken. Overmennesket sjølv vart født. Hans overmenneske, — » Over-Nietzsche«.

Det er dette sit overmenneske han sidan formar i det forunderlege mystiske digtverk: So tala Zarathustra.[1]

Og denne Zarathustra er det som no stig fram som profet for den evige ring. Til denne gjerning vart Nietzsche sjølv liksom for liten. Men Zarathustra hadde retten til aa segja det store ord, for di han og hadde det som gav kraft til aa bera ei sanning so tung: han kunde visa sine brørar »vegen til overmennesket«. —

Men vegen til overmenesket gjeng gjenom »umverding av alle verde«. Og Zarathustra er den som hev magt til aa stempla alle gamle sanningar um.

Fyrr hadde det vore lært um betre tider, um ei betre,

  1. Boki kom ut i fleire delar: I og II i 1883, III i 1884, IV i 1891. Denne siste delen ber alt merke av den aandelege uppløysning som snart skulde koma. Inne imillom III og IV av »Zarathustra« kom andre, meir kritisk-filosofiske skrifter; dei vigtigaste er: »Hi-sides godt og vondt« (1886) og »Um uppkoma av moralen« (1887).