Hopp til innhold

Side:Syn og segn 1895.djvu/350

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
346
Friedrich Nietzsche.

vitskapeleg grunn, so vilde han tru seg fri og løyst fraa si profetgjerning.

Han sette seg fyre aa studera i tie aar, fara um paa dei beste høgskular og høyra dei lærdaste professorar, og ikkje skriva eit ord i all den tidi. Han innbilte seg, at atomlæra maatte innehalda prov for den nye tanken hans.

Alt hadde han teke til med granskingarne sine; daa kom ei sjukerid og sette stans. Men av det han alt hadde lese saag han, at han ikkje turvte tenkja paa aa finna grunnar i naturkunna for verdenstanken sin. Dermed skulde han daa etter fyresetningi vera fri og ferdig.

Men nei. Det var ikkje trui paa ringen han miste; det var trui paa vitskapen. Han tok sin avgrunnstanke for aalvor upp, trygg i seg sjølv og utan tvil, som um han hadde fenge ei openbaring. Men blodigt spottar han fraa denne tid dei lærde med deira »smaae setningar og sanningar« »aandens hosebindarar,« dei trugne og onnuge »klokkeverk, som viser tidi utan fals, — berre dei vert godt uppdregne«; »for lenge sat mi sjæl hungrig ved deira bord!« Og heilt vender han seg til det nye, som i so mangt var det gamle. Den sannkjennande er den skapande. Dei store sanningarne kan ein ikkje rekna og røyna seg til; dei maa ein sjaa — den som hev det rette, synske, auga.

Og dette auga hadde han sjølv. Dei store mot-tidige fraa fyrr voks og samla seg i den eine store, tenkjarskaparen, han som i seg umfatar alt og ut av seg sjølv gjev meining til alt; og denne store var han. D. v. s. »tenkjaren« i han. Kløyvingi i sjæli hans vida seg ut. Tenkjaren, som ut av sit ubotnelege djup hadde forma verdenslovi, var han sjølv og samstundes noko større en han sjølv; og til denne store ofrar mennesket Nietzsche seg no heilt, i di han bøygjer seg under den tunge allheimslovi, som tenkjaren, den skapande i han, hadde » hengt upp yver hans som ein myrk lagnad.