Det er, som fru Salomé segjer, pessimismen driven ut i
sin ytste odd, upp i si høgste rædsla og grenseløysa. Ikkje
nok med at verdi er tull og livet eit talm; men dette tull
og dette talm skal halda paa; me skal lida det upp att i
ævelengd, aldri sleppa ut or denne draugedansen. Grunnlaget
i Zarathustralæra er med tvo ord sagt: den endelause
verdensliding.
Nietzsche fælte for tanken som for eit vanvit. For honom var livet ei pinsla, som han knapt orka bera er gong. Det kunde tvinga av han slike skrik som dette ordet i eit brev: »eg foragtar livet!« og i ein av tankestubbarne sine talar han um den gode trøysti som ligg i tanken paa sjølvmord: »den hjelper os yver so mang ei vond nott,« — segjer han. Og so skulde han maatta lida dette same livet æveleg. Altid paa nytt kava seg igjenom den same strid, gaa den same veg, segja dei same ord til den same jammerlege ætt, som vilde svara med den same taapelege flir og altid fylla han med den same ufysna (»Ekel«). Og han kunde kje ein gong trøysta seg med, at dette skulde vera til gagn for nokon, elder at han med si liding elder med si gjerning hjelpte verdi »fram« . . . Han kallar det sin »avgrunnlegaste tanke, og fleire av dei mest storfellte kvad i »Zarathustra« skildrar hans gru for tanken i so hugtakande ord, at det liksom myrknar um os, naar me les det.
Men han trong den myrkaste nott just for aa svinga seg upp til sine ljosaste høgder. Di djupare angest, di meir kraft i vengjetaki. Gjenom undergang til siger, gjenom daude til liv — so maatte han hava det, denne martymaturen.
— Han tok ringtanken upp. Og no var det det som skulde vera hans gjerning i verdi: aa vera profet for den evige verdensliding — og for livet.
Men positivisten sat i han enno.
Fyrst vilde han søkja grunnar for læra si i vitskapen. D. v. s. i naturvitskapen. Lét ho seg ikkje byggja upp paa