Hopp til innhold

Side:Syn og segn 1895.djvu/347

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
343
Friedrich Nietzsche.

meinte paa aa vera »sanne«; dei skal vera vaapen i livsstriden. »At ein dom er falsk, er ikkje noko prov imot han; spursmaalet er, um han er livsfremjande,« skriv Nietzsche (i »Hi-sides godt og vondt«); og »kanskje just dei falskaste domarne er dei som me minst kan vera forutan.« Setningen fraa positivist-tidi: fiat veritas, pereat vita, sanningi fyrst, anten ho er livsgagnleg elder ei, hev snutt seg reint um; den Nietzsche me her finn, det er han som ein gong skreiv um nytte elder skade for livet av historia.

Men gjenomgangen gjenom positivismen hev sett djupe merke i han. Den gamle tanken er umplanta i ny grunn, og utviklar seg paa ein heilt ny maate.

Positivismen hev teke fraa han alt det metafysiske han fyrr bygde paa, alt over- elder underjordisk, alle »bakheimar« (Hinterwelten) Den livsviljen han no talar um, er kje den »evige« fraa Schopenhauer-tidi. No tek han livet positivistisk »som det er«, som det viser seg, som me kjenner det i os og ser det for os; og dette livet er »vilje til magt«. Noko anna finst ikkje. Og denne verdi, som fyrr berre var eit atterskin elder ein skugge av ei høgare aandeleg verd, — sjølve denne endelege verdi, »draumverdi«, som no vert reint utan grunn og reint utan maal, og som ikkje ein gong hev samanheng — for tilmed det me kaller lover, orsakslovi osv., er berre diktingar av os, — verdi, som ikkje er anna en eit »dansegolv for guddomelege tilfelle,« — den er no det som »er«, og det me hev aa halda os til. »Jordi« og »lekamen« er hans nye hær-rop. Lenge nok var jord og lekam vanvyrde og utskjellte av vismenn og prestar, desse bakheimingar og daudeprædikantar; men sjuke og døyande var dei, alle desse, og dei »nye filosofar« som no skal koma, vil læ aat dei og alle deira bakheimar.

Men er det so, at det »endelege« er alt, so vert det sjølv uendelegt. Verdi skifter form, men ho forgjengst ikkje. Paa dette grunnlag hev positivistarne bygt si tru um den