den religiøse tolking av livet. Der er tvo grunndrag i denne kunst: det Dionysiske og det Appollinske[1]. Dionysosfestarne var livsfestar, festar for dei sterke, blinde livshugar, livsdrifterne; dei vart haldne med dans og tummel, i vinglad ørska og elskhugs-leik; bukken, tragos, vart framførd, pynta med vinlauv, som bilæte paa den avlande livskraft, og i dans um den song dei sine dithyramber elder jubelkvad til livet og des store løyndom. Av denne song føddest etter kvart det store heltespel, tragedia, som er den Apollinske avklaaring av den Dionysiske livstummel og livsjubel. Korsongarne, som er innslungne i tragedia, er det Dionysiske grunnlag, og upp av det stig heltarne, som ikkje er anna en maskor, framsyningar, av sjølve den megtige gud, Dionysos, livet som gjenom denne sjølv-aapenbaring vinn ro, forklaaring, utløysning. For hellenaren sjølv var den Dionysiske fest-tummel ei fyrebuing til det store skodespel: gjenom den rasa dei ville livsdrifter ut, og han vann den ro som lyfte han upp til den Apollinske høgd, der han daa sjølv fann utløysning og kvild, religiøs lyftning og forsoning.
Det motsette av denne Dionysisk-Apollinske livsdyrking var for Nietzsche den teoretiske tenkjing, det kalde, livsfiendske forstandsarbeid, som uppløyser livet og vil forstaa det, i staden for aa leva det, og leva det ut; og Sokrates vart framsyningi for dette »ugræske« i det græske liv, »dekadensen«, det som braut ned og tærde upp den sanne, livskraftige hellenardom.
Med denne boki hadde filologen brote seg igjenom til filosofien, og me ser kor han stend: det er Schopenhauer-Wagners livs- og kunst-tru han byggjer paa.
- ↑ Dionysos og Apollo var, kvar paa sin maate, gudar for kunsten: Apollo meir for den klaare form, Dionysos (Bakkus) for sjølve den livskjensla, livsviljen, som gjenom kunsten klaarar seg av til form, til meining og forsoning.