Hopp til innhold

Side:Syn og segn 1895.djvu/200

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
196
Friedrich Nietzsche.

siste grunnar. Hans utvikling vart ein lang og hard strid millom desse ulike hugdrag, som drog han kvar til sin kant. Til læregrein valde han klassisk filologi (gamle maal); kanskje var det kunstnaren i han som gjenom denne lærdomen vilde finna seg ein veg til det gamle Hellas. Men for det fyrste kom han (under professor Rietschl, i Bonn og Leipzig) inn under ei streng formel tukt, som la meir lag paa form en paa innhald. Dette baud han imot; men kanskje just av den grunn kasta han seg heilt inn i det. Og kanskje hadde han godt av den strenge formtukt; han fekk her noko fyrehands aa samla seg um, so at han ikkje reint skulde fløyma burt i sin eigen rikdom. Visst er det, at han vart ein framifraa filolog, og alt 24 aar gamall (i 1869) vart han kalla til høgskulen i Basel som professor. Og maken til lærar hadde kje Basel havt, sa ein av dei fremste der sidan.

I desse tider skreiv han filologiske ting som gav han eit godt namn millom felagar. Men dei andre hugarne drog; og serleg pinte det han, at han ikkje fekk fylgja sin dragnad til musiken. Likevel fylgde han med; og serskilt vart han teken av Richard Wagners »framtidsmusik«; med Wagner sjølv vart han kjend og vener. Like eins fylgde han med i filosofien, der Arthur Schopenhauer vart hans lærar og meister[1].

  1. Filosofien (»vitskapen«) er: søkjing etter aa finna forklaaring av tilværet paa vitande veg (hev sidan kløyvt seg i ei mengd med vitskaper, som kvar paa sin kant søkjer ljos. No skulde daa »filosofien« vera grunnvitskapen, elder den som med hjelp av dei andre lærdomsgreiner søkjer den djupaste forklaaring). Paa mange vegar og maatar prøvde filosofien aa naa maalet sit — til des Kant († 1804) kom og lærde, at grunnen i tilværet kunde me ikkje finna; det einaste som var os aatkjømt, var sanse-verdi; men um vaare sansingar kan me ikkje vita anna, en at dei er bilæte i vaart eige medvit, og me kan kje koma etter, kva det er som vekkjer desse bilæte. Det »i seg sjølv verande«, »tingen sjølv«, let seg ikkje med tanken naa.