Hopp til innhold

Side:Syn og segn 1895.djvu/199

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
195
Friedrich Nietzsche.

I.

Friedrich Nietzsche er ein presteson fraa Saksland, fødd i ein landsby ved Lützen 15de oktober 1844. Det fyrste store hendet i hans liv var, at »gud døydde« for han ɔ: at han miste si barnetru. Korleis dette gjekk til, er ikkje heilt klaart. Etter som han sjølv hev fortalt, var han sæl i trui; aa leva etter den var som aa fylgja sin eigen hug, tykte han. Han var religiøs fødd, og dette vil me sidan finna att som det djupaste grunndrag i heile hans utvikling. Men paa den eine sida var det nok tankarne som vakna. Og dertil kom noko anna, — som like eins høyrer med til dei djupe drag i sjælelivet hans. Han hadde det so, at just naar han var komen til ro i eit livssyn, just naar han treivst som best med det, just daa var det som det dovna av elder døydde burt for han; elder det var som han kjende seg fanga og bunden i det, so han sjølv maatte døy; — strid, motbør, liding turvte han, um han skulde leva og veksa. Med sorg og saknad reiv han seg daa laus og »drog vidare, — inn i noko nytt, helst det reint motsette, det som baud han mest imot. Soleis reiv han seg sjølv upp; for berre i slik indre strid og sjølvpining kunde han halda seg aandeleg uppe.

Der er i dette noko sjukt, og samstundes noko sterkt; og gjenom heile hans liv finn me det att: baade sjukdomen og styrken.

Var det liding han søkte ved aa ofra trui — so naadde han sit maal; dette tap vart han til slik ein livsens saknad, at han aldri vann yver det att. All hans seinare strid gjeng ut fraa dette. Det er alt liksom ei leiting etter skadebot for den tapte tru og den »døydde« gud.

Han var ein rik, mangslungen natur med mange hugdrag. Der var emne i han til ein tenkjar, ein diktar, ein tonekunstnar, men det djupaste i han var eit »religiøst geni«: ein sterk dragnad mot det evige, det høgste, dei fyrste og