Hopp til innhold

Side:Syn og segn 1895.djvu/198

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
194
Friedrich Nietzsche.

gestalten«, som er umsett), at ho og kan den kunst aa framsetja sine tankar. Boki um Nietzsche er noko tyngre i form en den nemnde um Ibsen; men so er og emnet tyngre; og um eg kunde ha ynskt eit og anna skarpare utført, elder meir tydeleg uppstellt, so er alle djupare grunnar komne godt nok fram for alle som lesa kan. Det er eit fagna arbeid, som mange med meg vil vita aa takka for.

— Gjeld det um alle aandsmenn, so gjeld det framifraa um Nietzsche, at hans verk maa tydast ut ifraa mannen sjølv, hans serhaatt og serlag. Dette visste ingen betre en Nietzsche; alle tankebyggverk, segjer han, kor mykje dei enn kan sjaa ut som »rein tanke, dei er i grunnen berre uviljande, dulde sjølvskildringar, sjølvforklaaringar, og tilstaaingar; tenkjaren innbiller os (og seg), at han skriv ei bok um verdi, og so fortel han, berre korleis verdi ser ut for han, elder korleis han ynskjer at ho skal sjaa ut ɔ: korleis han sjølv ser, ynskjer, vil — er. »Menneskjet kan med si sannkjenning strekkja seg aldri so vidt, synast seg sjølv aldri so objektivt: til sist fær det ikkje anna ut av det en sin eigen biografi.« Ut fraa denne tanken hev han daa sjølv skrive. I staden for aa dikta verdi um etter seg sjølv, som hine plar gjera, dikta han seg sjølv um til verdi, dikta si eigi sjæl ut til verdenssjæl, sine eigne rørslor og hugdrag um til aalmennvilje, sin eigen lagnad til verdenslov. Som ein diktar gav han seg sjølv i sit verk; den som vil forstaa dette verk, maa altso kjenna diktaren. Dette er daa tanken i fru Salomé’s bok. Ho vil læra os aa finna Nietzsche i hans verk, visa os verket som uttrykk for mannen. Me skal her i store drag sjaa, korleis ho paa denne maaten fær lagt ljos yver baade mannen og verket, forklaarande det eine ut av det andre, sonande baae til eit.