Friedrich Nietzsche.
Faae menn vert nemnde so ofte i seinare tid som Nietzsche, og ingen er det vel so ulike meiningar um. Sume priser han som ein ny Messias, andre held han snart sagt for Antikristen sjølv. Men alle maa vedgaa, at han er noko uvanlegt og framifraa, ein av tindarne i tidi. Ei samanhengjande utgreiing um denne mannen og tankarne hans var soleis noko av det som no turvtest, og ei slik utgreiing fekk me ifjor av Lou Andreas-Salomé, i ei bok som kom ut i Wien hjaa Carl Konegen: »Friedrich Nietzsche in seinen Werken«.
Det er ei innhaldstung, rik bok, som vil gjera vending i Nietzsche-umdømet. Det kan synast rart, at denne mannen skulde finna sin tolkar i eit kvende, og visst er det, at til aa tolka ein mann som Nietzsche skulde det eit kvende av høg aandeleg rang. Men fru Salomé hev rangen. Ho høyrde til dei faae som Nietzsche hadde full venskap til, og fylgde han i hans seinare utviklingstid gjenom brevbyting og samtale under sterke aandelege skifte og umvekslingar. Grunnlaget i denne boki hev ho endaa dryft saman med Nietzsche sjølv; og ho høyrde til dei trugnaste og beste av hans lesarar. Ho sit inne med ei djup og allsidig filosofisk daning, som med rike aandsrøynslor og ein diktars gaave til aa sjaa og forstaa; og den som berre hev fylgt med i vaar eigen bokheim veit (fraa boki hennar um »Ibsens Frauen-
Syn og segn. 13