Denne siden er ikke korrekturlest
60
Ho Rangdi.
Sumaren etter at foreldri hans Per-Ola-Per var døydde,
og tjuvriet tok til aa koma i gløymeboki, daa med ei gong
vart tvo av tjuvarne fakka i Kristiania — den tridje var
faren til Amerika vaaren fyrr.
Dei hadde selt mykje gamall sylvstas og sjeldfengde pengar til ein gullsmed dagen fyreaat. No var dei der med den nanmgjetne brurkruna, som var vorti burte or stabburet paa Hesla.
Medan dei pruta um prisen paa dette gjæve arvestykket, daa kjem politiet yver dei som Samson yver filistarne. Ein-tvo-tri var jarni paalæste, og so bar det i vegen paa raadstoga.
Tjuvarne var Storeli-gutarne.
Hallvard Bergh.