Hopp til innhold

Side:Syn og segn 1895.djvu/163

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
159
Ho Rangdi.

Difyr hev ho Rangdi fylgt med. Ho vilde kje, han Per-Ola-Per skulde faa fleire røynslur enn naudturvelegt, um kva rettferd ein kan vente, nær armen er veik og modet lite. Eit skjold hev ho vore og ei verje. Gud veit, korleis det skulde gjenge, hadde kje vaarherre sendt honom denne trufaste, uslitelege hjelp.

Det er mange hundrad aar, sidan folk hev vore so lite kløkkhjarta som dei no er. Bladi fortel nok um eit og anna, som vert gjort fyr sælebot skuld, men personleg uppofring er det mindre enn smaatt med. »Kjærleiken er vorten kald i mange.«

Daa me høyrde, korleis ho Rangdi hadde gjeve sit livs beste aar fyr denne stakars sjuklingen, vart me reint gjenomglødde taa sælke, og me sa: »Det er eit gullhjarta i deg, Rangdi. Din kjærleike er so stor, og din tenkjemaate so fin, at du burde vera drotning i England. Du er vel berre ei tenestgjente men me helsar deg som ei taa dei fyrste og gjævaste kvende i Norig.«

Trast sloknar han Per-Ola-Per. Daa vøre det godt, um porten vart uppleten fyr deg ogso. Du stundar. Og du lyt ha tent upp ei stor og ven løn. 30 aars personleg uppofring kvar tid og time — ja, i sanning ei ven løn lyt du ha til gode.

Du hev sett os eit stort fyredøme. Nær du tek avskil, burde heile landsbolken fylgje deg med song og talar til din siste kvilestad. Og paa gravi burde dei reise ein stein, ein stor, staseleg stein, som lyste vidt um land, so borni kunde samle seg der, krabbe upp paa fotstykket og lesa:

Her kviler Rangdi tenestgjente.
Du hadde eit hjarta av gull.
Signing yver dit minne!


**
*