Hopp til innhold

Side:Syn og segn 1895.djvu/158

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
154
Ho Rangdi.

gutarne uppatt og uppatt, di dei var so hjarteleg, inderleg, makalaust snille, at dei vilde rettleide sonen deira ut or denne grøtelege ulukka.

Storeli-gutarne smeta og lovde det beste. Daa dei steig inn, var det sorg og eiing og hjartegraat; men ei nokre ord taa dei vekte voni hjaa alle i huset. Gamlemor bar fram alt det likaste ho aatte av mat og drykk. Det grussaste var kje godt nok, tykte ho. Gamle Per-Ola hinka fram og attende, braut skallen og freista hitte paa noko, som Storeli-gutarne likte. Han Svein, bror hans Per-Ola-Per, som skulde gange burt i ein plass etter sukker, sprang, til sveiten slaga og bringa gjekk som ein smidebelg. Far og mor og bror kappast um aa fagne desse tri høgvyrde gjesterne. Daa dei endeleg drog av garde med Per-Ola-Per under armen, gret heile huset av takksemd.

Men dentid dei kom ned paa brui, og fosseduren gjorde han Per-Ola-Per svimlen, krinsa dei seg um honom og banna og svor paa, dei vilde gryte honom ut i svarte djupet, est han ikkje med det same stod ved, kor han hadde gjøymt tjuvedeilderne sine.

Det sanka seg fullt med smaagut, som tykte dette var grepa moro; for han Per-Ola-Per unka og eia seg og gret, som han skulde vore avdømd med livet. Han seig ned og rela seg i moldi, som ein agnmakk dei klemmer med hæljarnet.

»Eg hev kje stole! Eg hev kje stole daa! Eg hev kje stole daa! Ja, men eg hev kje stole daa!« gret han, til han var heilt haas.

Storeli-gutarne skok honom og spente med skotaai. Dei spotta og kaldskrata, daa dei saag, kor livande rædd han var — plent som ei duve under haukekloi.

»Kven var med deg og stal, og kor hev du gjøymt tjuvedeildernne dine? Seg det trast! Var ho Fille-Rangdi,