Hopp til innhold

Side:Syn og segn 1895.djvu/157

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
153
Ho Rangdi.


Ja, Storeli-gutarne let seg ikkje beda tvær vendur, og sette av garde. No skulde det uppedagast, kor tjuvehøklet hadde stabburet sit.

Det gjekk kje likar med dei. Han Per-Ola-Per neikka. Han gret og svor ved alt, som heilagt er, at han visste kje meir um tjuvegosset enn barn i mors liv.


III.

Igjenom Sipledalen renn ei ovstor elv. Medan aari skreid, hev ho grave seg djupar og djupar og svarva ei heil horg med undarlege trollgrytur, holur og kjellarar. Ifraa den eine gilbradden burtpaa hin ligg ei bru, høgt høgt uppe yver vatsmaalet. Det er myrkt der nede i avgrunnen; men ein høyrer, korleis vatnet fossar og kokar og svarpar og brusar. Trast nedanfyr brui er det den eine fossen etter den andre. Det durar og dundrar og baskar og susar. Nær vinden er still ligg vatseimen tjukk yver brui og heile gapet nedetter.

Dentid han Per-Ola-Per inkje vilde standa ved det bidige dust um tjuvriet, slo Storeli-gutarne seg i blidmæle med honom og meinte, det var likast han fekk gjort i vegen eit brev til amtmannen ell kongen. Ein taa dei laut faa vita, han var saklaus i dette. Greidde han ikkje i stand eit sovore brev trast paa timen, var det kje vandt aa gisse endelykti paa denne soga. Daa kom han paa slavriet og fekk ei svart erm og ei kvit paa trøya si, — meinte Storeli-gutarne.

Ja, detta um brevet til kongen tykte han Per-Ola-Per og foreldri hans var skynsam tale; men korleis skulde ein faa det til?

»Berre ver med os ned til klukkaren, du, skal eg uttyde aat honom, at du er saklaus, so veit nok den kar’n, korleis han skal sveise det ihop. Eg vaagar guten eg!« ropte han Store-Lars.

»No vart det glede radt upp i taket. Taarerne snuddest til smil og sælke. Far og mor hans Per-Ola-Per signa Storeli-