Hopp til innhold

Side:Syn og segn 1895.djvu/156

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
152
Ho Rangdi.

uppedaga, kor eigneluterne var stukne tilsides, og kven som hadde vore med honom!

Ja, kunde ein berre det so.

Tvo gutar, Gudmund og Steinar, som hadde ord fyr aa vera fælt so kringsvallande, lovde ut, at dei nok skulde fiske or honom detta. Likeins vart det avtala, at ein taa dei venaste og grussaste jordeigande gutarne skulde fri til gjenta hans ein taa fyrste kveldarne og laast som han vilde gifte seg med henne trast paa timen. Nær dei daa var trulova og laag godsvallast, vilde det vera meir enn undarlegt, um ho ikkje tok til aa rekna upp lyturne aat gamlekjærasten.

Men det gjekk ikkje rart likevæl med desse, som skulde fiske. Friaren tuska paa katteføtar i fyrstningi. Han saag trast, det nytta lite det. Daa han vart meir endefram og hadde tjuvriet paa svall, skar ho i til aa graate. Støtt skulde folk tyggje og ljuge paa han Per-Ola-Per. Han leid mykje for vonde folk si skuld. Men var ho kar, vilde ho kaupe seg pigstol og skaskjote kvar einaste ein som sa, at han Per-Ola-Per var snâk. Han var so truverdig som jordi; han var altfor ærleg. Det halve vilde vera meir enn som paa han fall! svara ho med graatande taarer.

Dei tvo kringsvallande, dei med raakte det. Han Per-Ola-Per og foreldri hans var sers blide og svara ja og jaso paa alt. Men daa dei sløge endeleg sa greitt og tydeleg, kva dei fór etter, daa vart det vel eit hus! Det bar paa graaten med alle, og han Per-Ola-Per slo kistur og skaap paa vidan vegg; han bad og signa dei kringsvallande um aa leite, og »leite væl ogso«.

Nei, han Per-Ola-Per var ikkje so lett aa fiske, sa dei, daa dei rakla heimatt, so kloke som dei kom.

»Storeli-gutarne lyt freiste,« meinte bygdefolket. »Fær kje dei svalla honom fast, so er han ein grepa sløging ell ein saklaus vaae.«