Hopp til innhold

Side:Syn og segn 1895.djvu/155

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
151
Ho Rangdi.

d. v. s. dei leitte gard for gard i stabbur og kjellar og alle andre gjøymslur. Den tid dei hadde fare yver bygdi heime, strauk dei til støls og endefeta i kvart eit sel og kvar ei løa. Her hadde dei lukka med seg. Dei hitta innpaa 10 sauer, som var slagta og upphengde i selet hans Per-Ola-Per. Paa tunet heime hjaa honom hadde ein smaagut dagarne fyrr funne ein eira sylvdalar. Hesla-Gammelen sa, denna skjelingen var ein taa dei, som var stolne i skaapet hans. Dei var audkjende nok.

Detta var meir enn undarlegt. Ingen hadde mistenkt han Per-Ola-Per. Slik ein mjo, veik og halt skræddar orka kje dragse til husar so mykje tungt tjuvegoss eigong. Hellest var det aalment kjent i bygdi, at han hadde vore trulova i mange aar. Baade han og gjenta dreiv og tente pengar kvar paa si lei, so dei kunde faa noko setja bu med. Det ørvesle knistrebruket han skulde erve etter far sin, var kje noko ala upp ein ungelyd paa, hadde ho sagt. Og det var nok ho, som hadde hitta paa den raadi, at dei skulde arbeide trottugt ei nokre aar og spinke og spara, fyrr dei gifte seg. Ho var taa eit sers tenkt folkeslag, ho Rangdi, for so heitte ho.

Kanskje ho tykte, det var drjugt aa bia so lenge, fyrr ho fekk stiga i brurseng, og hadde so eggja skræddaren til aa stela, meinte summe. Kan hende ho hadde vore med sjølv ogso, spotta andre.

Likevæl var det faa taa dei, som skileg orka tru detta. Mengdi taa bygdefolket sa, det var heilt umogelegt, at han Per-Ola-Per var tjuven. Det same sa Storeli-gutarne. Men eit var dei støe paa: at han Per-Ola-Per visste um denna greia. Ein hadde kje vore menne til aa stela alt aaleine. Det laut sanneleg vera eit heilt lag med tjuvar i bygdi. Han Per-Ola-Per var god aa hava med, di han hadde fare gard for mann i mange aar og visste væl, kor folk hadde gjøymslurne sine. Berre ein kunde lokke ell truge honom til aa