vanka det kje hogg paa staden, og det gjorde det sjelda, di Storeli-gutarne var umframt sløge — so vart det hardleg ikkje burte lell. Slike »bobbar«, som hadde so lite vit, at dei ikkje skyna, Storeli-gutarne laut faa vera fyrstemenn i alt, raakte nok frami einkvart, nær det høvde seg, — antel eit spenn ell tvau, sælkeleg juling ell eit knivskjer, so dei laut berast heim paa ei barlega. Han Gamle-Ivar Lo kunde dæmme blod med lesnad, og han tente seg mang ein tobakskjeling hjaa slike sveinar, som Storeli-gutarne hadde brynt knivarne sine paa. At det var dei, som hadde gjort det, visste alle, um det enn sjelda var vitnesfast.
Ender og gong braut det løynde hatet ut likevæl. Umegdi var samla til dans, men fyrr nokon rett visste, korleis det kom seg, vart det slaasting, skrik og kalling, banning og huselering, so gjenturne sprang baade bord og benkjer og var mest vitskræmde. Summe taa dei var meir moda; dei flaug hit og dit paa golvet og i dei myrke gangarne, jamte med dei som slost; det var ein ell annan dei vilde verja. Daa grytte Storeli-gutarne og dei paa deira side sløgdi paa døri. Dei slo og spente og skar. Mangt eit skjer og mangt eit slag fekk dei ogso; men dei mætte det ikkje. Det beit kje staal paa dei, sa dei sjølve.
Mang ein var so sterk og hadde slik studnad hjaa kameratar, at dei aldri ottast juling. Men daa visste dei kje ordet av, fyrr det tok til aa fara ei ell onnor hædeleg lygni um dei att og fram i dalen. Ingen kunde segja, kor ho var utstukki. Daa ho stendig krinsa um einkvan, Storeli-gutarne plent no var sinte paa, gjekk det an skyna ei snerte. Ell grindar vart sundslegne nattars tider, krytur slepte ned i aakrarne, hestar ridne langt av lei. Men Storeli-gutarne var fagnadsame imot alle, som heldt seg inne med dei, og vaagde gjerne trøya fyr aa hjelpe ein ven. Ja, taa slike som dei visste var litande paa, tolde dei jamt mykje.
Ved dette leitet var det vorte faatt av dei, som baud