eit skov. »Kjetil og Bjug! Kjetil og Bjug!« ropte han Jon; han kasta seg baklengjes utyver ein bakke, og bjønnen rann. Kjetil og Bjug vart so med, at dei aldri kom i hug aa skjota. Jon hadde ei bjønnebyrsa han hadde fenge fraa Stavang. Pipa var so diger, at det var yver laget. Ho vart bøygd, so ho stod som ein boge.
Jon var aldri rædd nokon ting. Han var av desse gamle hausom.
Ein gong vassa Storejon yver Ottri, daa det var flaum, og ingen kunde koma yver. Det var daa han fór aat Finnsdalen med buskapen. Han batt eit band kringum bukseleggen og fyllte buksorne med stein; fyrst det ikkje fløytte honom, so kjende han seg so støug, at det skulde kje faa honom i velten. Men burtimot andre landet vart stryken so fæl, at han stumpa og laut kasta seg i. Daa rokk han land med hondom. »Her skal koma bru,« sa han. Han bygde bru, som han hadde lova fyre seg.
Storejon fór ei uferd, ein gong han var i høyskogen. Luseskarheii er so bratt, at ingen kan kjøyra henne. Storejon kjøyrde Luseskarheii, medan det var hard skare. Han velte lasset av, og snudde sleden og la lasset millom meiarne. Stabandi skulde strika, so det gjekk inkje for fort. Der kom lasset til aa slengja paa tverke for honom. Jon kom imillom lasset og hesten, og det velte ned gjenom heii. Daa hadde han fenge eit slit. Han var aldri støug sidan.
Jon Harsta var gofar aat Storejon. Det var ein gong drykkjelag hiti Aamli. Daa Jon Harsta kom inn, sat Tveitemannen inmed bordet. Jon tala eit gamansord til honom og slo honom paa herdi. Tveitemannen vart vond, for det han slo nedpaa honom. »Er du styven!« sa Jon; »toler du inkje gaman?« Daa blidka Tveitemannen seg att, og dei skulde vera gode vener, av di Jon tala so. Daa kom bror aat Tveitemannen inn. »Er du slik ein stakar, at du læt han Stubbe Harsta slaa deg!« sa han. Jon hadde ein