Side:Segner fraa Bygdom I.djvu/75

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
15

ho vilde ingin hava. Ho fekk Illelæte taa Far sino, førdi ho jaga nefere alle som komo, men de hjølpte ’ki. „E undrast ko de bø’a de e,“ sa’e Faren te henne, „du faar væl bli ei Attegløyme teslutt.“ „De kjem nok den e ska hava,“ meinte ho Anne. „De e Skam aa mismæta[1] so gilde Guta, som era tebø’ands de,“ sa’e Faren. „E mismæt ingin, e synest skile godt um mange taa dei, aa res du vil truge me te aa gifte me, so faar e taka han Thor uppi Garde.“ Men Faren hadde ’ki Hug te truge henne; han tenkte, at de laga se væl me go’o.

Um Sumaren skulde ho vera paa Støle i Melønn’n[2]. Daa ho hadde vore der nokre Daga, vart de reint a’leis me henne. Kor ho gikk aa ko ho tok se fere, so va ho so illhuga, aa Hjarta slo so, at Bringesulgjudn singla; um Natte gret ho i Svevne aa um Dagen gikk ho me ein Otte i se, so ho visste ’ki se arme Raa; ho prøvde vera gla men ho va ’ki go te. So va de ei Natt ho laag i Halvsvevne; daa høyrde ho de kom nokon ri’and, de dunde i Jord’n aa de skrangla i Ringaskono. Ho visste ’ki Ord taa, fyrr de sto ein sin høg Kar framafore Sængjeskørenn. Han va so uppstrøkin maa veta me gresti nye Klæ’o so de glima taa hono. Han tek ho Anne i Hønde, aa so sette han se paa Sengjeskøre aa tala te henne. „E ha set de te kor Dag,“ sa’e han, „baade nær du ha lokka te Mednis[3] aa aat Langøktenn; e ha alder høyrt nokor

  1. vanda, raka, vanvyrda.
  2. Tidi millom Vaaronn og Slaattonn.
  3. Fleirtal af Morgon heiter „Medna.“