Side:Segner fraa Bygdom I.djvu/55

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
LI
Fanteladda.

De va ei Gaang ei Gjente her i Bygdenn, som dei kalla Fanteladda. Ho va so kaat, at ho ’ki visste, kost ho skulde bera se; ho va so vill ette Dans, at ho dansa rae o alder trøytna; o so va ho so ørski ette Guto, at alle følkele Kara vørto rædde henne; difør vart ho heldan alder gift, ko gjedne ho vilde. De va ein Laatt, som ho hadde kome te vørte so gali ette, at dei si’a ha kalla han Fanteladda. Ner dei leto den aat henne, va ho ’ki go te halde se, um de ha gølde Live, ho laut danse, o ho slutta daa ’ki, so lengi de let, um de so ha laate rae. De vart ogso gjort ei Vise um Fanteladda, som gikk ette sama Laatte. No e ho burtattgløymd so nær som desse Verse:

Fanteladda e like sæl,
um ho dansa se spennt ihel.
Fanteladda, Fanteladda.

Fanteladda vil hava Mann,
um ho ska hente han, kor ho kann.

Fanteladda e like go,
um ho dansa føruta Sko.

Fanteladda har Naal o Traa,
kann ’ki sjøl seta Bote paa.

Fanteladda vil hava Mann,
um ho ska ta han or eit anna Land.

Fanteladda vil gifte se,
um ho ska seta Live te.
Fanteladda, Fanteladda!