Side:Segner fraa Bygdom I.djvu/46

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
XLII


ra’e vørte gjort eingor Preina ve dei. Ein; som søvna me Hørpunn før Munne, vakna um Mørgon uppaa Baglaaso, fastskruva i Trøngrymdenn uppunde Take. Ein an ein vakna uppaa Take. O endaa ein an ein vakna unde eit Trøg uti Skøte.

Ein Fiskar hadde vørte so vel kjend me noko sleke Haugakvendfølk, at han hadde dei hjaa se te kor Kveld o umgikk dei mest likesom are Følk, o ga dei taa Mate seno. Ein Kveld, de va eit slekt Kvendfølk hjaa hono, sette han se utme Peisla’e te o steikje Flesk paa Gløno. Denna Fyrkja sette se daa ogso utme heno, Peisla’e. Ho dro se so vel innpaa Brandadn, som ho kunna koma, dro Døse si uppaa Knjøne o sette se soleine te o flikje beint før Augo paa hono. Detta svntist han va ljøtt; han va snøgg, treiv Fleskemolo taa Gløno so heit, at de sau i henne, o skikka ho te innunde Døse aat Haugafyrkjunn. Ho upp o utigjeno Døre. Men uti Skøte knisla de o log so nisammele[1] maaveta, o eit grannt Maal sa: „fekk du Flesk, Siri?“ Si’a komo dei alder te hono meir nokon Kveld.



Ungin hennar Ragnhild i Haga.


Her ein Sumaren bar de so te ei Natt at de kom noko Øyki ne or Aase o nie Aakeren hennar Ragnhild i Haga. Ho hadde yngste Gjenta si liti daa; hona va endaa ’ki aarsgamal. Ho Ragnhild vende daa ut o dreiv Øykidn uppatt igjeno Aasen. Detta tok slek Ti,

  1. log lengje og hjarteleg godt.