Side:Segner fraa Bygdom I.djvu/36

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
XXXII

nesen ogso tenkt se upp ei Raa. Han sette dei te o leggje Reip taa Sande nepaa Strøndenn. Daa fingo det noko som heldt atti. Dei spønno, so Sanden sputra; men ner dei vel hadde faatt de te o leggje se, datt de aav før dei, so at dei løto leggje attpaa o te att paa nytt heile Tie. Men me’a fekk Svænesen bønde dei allesamne. Daa va han so sveitt, at de draup taa hono, o han løvde ut, at slekt vilde han alder gjera øftar.

Ei Laurdagsnatt um Hausten va de tvo Tjuva i Aakere aat Svænese o stal Lo. Men han visste de nok, der han laag; de va nok dei som sa hono de. So batt han Tjuvadn paa Flekki, soso dei støndo ute Kødnrjaano[1] paa Ryggi, o der løto dei staa heile Natte o heile Synnda’n over, so at heile Kyrkjeølmugin fekk sjaa dei. Um Synndagskvelden løyste han dei att o let dei gaa.

Paa ein Plass uti Aurdal voro dei so ille ute før Trøllskap, at dei alder fingo Fre. De banka inni Veggidn um Netad’n, o sto de eit Mjølkekjerald ell ein Øst uppaa ei Hylle, so kom de sendandis beint nie Huvu paa Følk. Dei fingo ’ki njøte uskjemt nokon Ting. Ungadn vørto hælvtullutte o klene, o Førældro deiris vorto helselause. Mange hadde freista o vilja mana Trøllskape burt; men de munte inki. Presten hadde jamvel vore der o prøvt de han va go te; men de tuvsa reint før hono. Skrivaren va der ogso; men før hono dugde de heldan alder ei Grand. So føngo dei te se Svænesen. Men daa laut Jækelstye tukke se derifraa. „Kifør ha dei lese aat dessa daa?“ sa Svænesen.

  1. Rjaa, Kornstaur.