Side:Segner fraa Bygdom I.djvu/35

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
XXXI

skildist aat i Møsjamoto[1], so at dei saago ut imyljo kort einaste Umkvarv; men rund umkring Stogo gikk Eldsputeren. Daa kom Tjuven. Han hadde sprønge, so at Sveiten silla taa hono. „Kjem du no lel?“ sa Svænesen. „Aa ja, e laut vel koma, ner du sende so mange Bøe ette me,“ sa Tjuven. „Ja set no Tjuvebørde di paa Bordsendin o gaa so din Veg!“ sa Svænesen. O Tjuven va no sæl, han slapp derifraa att. So skulde daa Svænesen te o binde att Engladn sene. Men de vart ei hard Heto[2]. Ner han batt nokre, so hadde han alle hene ikringo se, o dei vøro rei’ogne te o øyeleggje han. Men han va no ’ki den, som va raalaus. „Skunde de,“ sa han te Kjeringenn seno, „gaa aat Bu’nn o straa ei Tynne Rug uti Garden!“ Detta gjorde ho, o de snøggt. So sette Svænesen Engladn te o plukke uppatt Rugen ein før ein, me han batt dei. Men de vara ingi Ri, so va han like ille ute. „Gaa uppaa Løfte,“ sa han te Kjeringenn seno, „ta ei Dunsæng, sprett ho upp o rist all Dune uti Vinden!“ Ja de gjorde ho, o han sette no de meste taa Englo si te o sanke isamen att kor einaste Dunflyksa o pøta ho innatt i Sængjevære. Men daa dei vøro rei’ogne me di, hadde han ’ki faatt bønde meir en Treadelen. Daa visste han ’ki si arme Raa. Dei toko te slite han me se, o de va so nær, at dei ha reist uppigjeno Peispipa me hono. Men i di sama dei letta Føtadn hass ifraa Peishellunn, va Kjeringi paaferde me ein Brøsleiv, som ho rak imyljo. Daa løto dei bie; men daa hadde Svæ-

  1. av møsja eller mysja, leggja Mose i Veggerne.
  2. Hiting av Jarn, fyre kvar Gaang Smeden hamrar.