Side:Segner fraa Bygdom I.djvu/32

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
XXVIII

kom burtaat te henne o leidde henne um i allo Stogo o Klevo o uppaa Løfto o synte henne alle dei sine Tingi, som no skulde bli hennar. O rett so de va, ner ingin saag de, figna[1] han henne, so ho vart reint bljug. Me’a laga dei paa Borde nere i Stogunn. Men daa dei komo tebords, va ’ki ho Mari go te eta ei Grand, so sæl va ho. Men slek Mat o slek Bordstell so græsk o gild hadde ho alder set før. Daa de lei paa Kvelden, hugste ho ette, at ho laut heimatt paa Stølen o mjølke o stelle. Hona syntist ho kunna ’ki gaa ifraa Buskape soleine, men stelle te ho kunna faa Bø heimatt ette ei i Sta’en sin. Ja de vart heldan inki nekka henne, endaa de saag ut te, at dei hadde illt taa dessa. Ho ba daa Belleva, o Guten fulde henne ut o sa, at han vilde koma te henne paa Støle. Kost de no gikk te, visste ho ’ki, men i di sama sat ho paa sama Hauge som ho hadde sete paa, daa ho søvna. Daa ho kom paa Stølen att, va de seint, o Kydn støndo paa Kve’nn o rautte. Men de e eit gamalt Ord, at „de kjem Graat ette Skripelaat.“ Me’a ho’ Mari sat mjølka, tok ho te tenkje ette, at ho snart skulde fløta inni Fjelle o alder koma utatt meir, alder koma heimatti Bygde, alder sjaa Slekt o Vene øftar; – o ko fint ho syntist de va inne hjaa Haugafolki, so hadde de likevel ei Fælke me se, ner ho kom ihug, at dei ’ki vøro kristne Følk, o alt anna styggt, ho hadde høyrt um dei. Ho fekk heldan slite o træle kost ho kunna; men gifte se me Haugakare; nei, de laut ho be’a Gud bevare se ifraa. O likevel hadde ho paa ein Maate Hug te di;

  1. kjæla, skripa.