Hopp til innhold

Side:Segner fraa Bygdom I.djvu/29

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
XXV


kring dei baade i Jord’n o i Luft’n, at de va inki morosamt o staa der midt i di. De va ingi Under, at Karadn vørto rædde o toko Flugte. Men hadde dei vøre hjartogne nok te o drygt lite enno o lese alla Bønidn si, so hadde han nok kome.



Huldraslekte paa Kjøs.


Daa dei paa Kjøs i Hørisbygdenn skulde bufløta heimatt taa Langstøle um Hausten, bar de so te, at dei ’ki fingo kokt ihop sidste Brimsødningen, før dei skulde reise. Kjeringi vilde daa sita att Dagen ette Bufardage o koke Brim, o so skulde Mann snerte se[1] uppattpaa me Salhest ette henne. Ho hadde att hjaa se ein liten Gut, Son hennar, før at de ’ki skulde vera so au’le. Som ho no sat der ve Peisla’e[2] o rørde i Brimgrytunn o vesle Gutekroken tulla o stelte paa Gølve, kom de inn te dei ei Kjering me ei liti Gjente, som heldt i Stakke hennar. Kjøsakjeringi tenkte ve se: „Ska tru de e nokon som gaar att her o leite ette Krøter no dette Bel.“ Ho undrast paa detta, o tes meir taa di, at Kjeringi heldan ikki sporde ette noko Krøter. „De faa seta dikkan frampaa,“ sa Kjøsakjeringi. Ja, Fremandkvendfølke gjorde de; ho sette se paa Krakken hjaa henne o sat o svalla ve ho um eit o anna, som paa Tunga kunna falle. Vesle Gjenta ga se te me Gute paa Aurgølve. Gutungin jaala no paa o smatt aav

  1. nøyta seg.
  2. Skorsteinsmur. „Peisla’blome“ um Ungmenne, som jamt vilja sitja aa lata seg ved Peisla’e.