Side:Segner fraa Bygdom I.djvu/198

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
138

De fysste Aare saadde han Rog. Um Hausten da døm skulde te aa byte Avlinga, sa’e han de ve Mannen: „no kann du se’a taa, um du“ vil ha Rot ell Topp, so tek vi haar sin Ende.“ „Ja, e vil nok ha Toppen e da,“ sa’e Mannen. So fekk no Jutullen ei maatele Avling han da, som fekk berre Halmstubben. – De andre Aare vart de saadt Næpe. „Ja no vil nok e ha Toppen,“ sa’e Jutullen, da de vart Hausten; „e taugg me reint forderva paa dessa Røtom ifjor,“ sa’e han De va no Mannen væl fornøgd me, aa so fekk Jutullen berre Kaalen taa Næpom..

Naar Kjeringa hass aatte Baan, so laut no ho gamle-Kari Mor hennes vera uppi der aa passe ho. So va de ein Gaang døm inte hadde slikt Mjøl, at døm kunne koke Mat taa aat Baane, aa so skulde da Jutullen gaa ne paa Stabure paa Hole ette lite. Da han kom der, so va de fullt eit Kar me Mjøl, men de va korsa paa de, so han inte kunne faa naa’ taa di, men han laut ta heile Kare. De va so digert, at han inte fekk de ut igjenom Døra, fyrr han tok taa di Lauggjurda[1], aa den ska hengje paa Stabursvegga der enno.

Jutullen va no fælt gla taa Vermor fine, men enda laut han skote ette henne, naar ho gjekk att. De hadde Dotter hennes fortalt henne aa lært henne, at ho skulde skvette se bakum Døra, so han inte skulde raake ho. „Han vilde nok inte gjera de, men han e inte istand te aa brote Arten,“ sa’e ho. Naar Gamla

  1. d e. Logg-Gjurda, den nedste Gjordi ved Loggi eller Botnen paa Kjeraldet.