Side:Segner fraa Bygdom I.djvu/188

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er ikke korrekturlest
128


Uppi Klæbberbergje, som du veit e beint ogofor Glombakka, budde de fere lengje si’a ein gamall Jutul, aa paa Glombakka va ein ung aa staut Hulderkall. No vart baae dessa tvaa huga paa Dotter aat Kvanndalsbøygje[1]; ho va baade sin aa fager, aa da Jutulen skynte, at ho likte bære Hulderkallen, so vart han sinna aa tok te kasta paa Garden hass; men han va nok laag te sikte, for han raakte ikkje me di tri fysste Steinom, aa so hadde han ikkje Magt te kaste fleire.



Riddarspranget.


I gamle Daagaa budde de paa Vaagaa ei gjæv gamal Riddarslekt som heitte Gjæslingarne. Dessa Riddarne hadde budt Son ette Far i lang Ti paa Sandbu. De va ein taa døm som heitte Ivar. Han hadde lengje helde paa aa kranglast me ein Riddar fraa Valdres um eit Fiskevatn aa ein Dal som heiter Himdalen. Valdresen gjorde Sandburiddare all den Ska’en han kunna komaa te me. No hadde Sandburiddaren ei Dotter, som Valdresen hadde faatt Hug te. Denna Gjenta va so reint ska’vakker, at ho kallast Skaarvangssole, aa de va ette ein Gard, som Sandburiddaren aatte lengst uppi ein Krok taa Vaagaa. Han likte inkje denna Friingje aat Valdresriddare, men Gjenta dessmeir. Da Valdresen kom aa ba um henna sjaa Riddare, sa’e Sandbu’en, at de skulde alder ske me hass Vili. Friaren laut da gaa; men han lovaa de, at Sandbu’en skulde komaa te aa angre de.

  1. Dativ av Kvanndalsbøygen.