Side:Segner fraa Bygdom I.djvu/185

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
125

der tile ein Vaar, fyrr Budeigjenn da komne, aa hadde me se nogre Kare te rive ne aa byggje upp att. Da dem hadde gjort fraa se Stugu aa skulde te me Fjøse tile ein Morgo, va han Far se reint tvikosen[1] um, kaa han skulde setja de upp aa ne ell nord aa sø; han vart ikkje ferdog te taa’ ut Tofte, fyrr de lei mest te Dugurds, aa so tykte han, at han laut setja de upp aa ne lel.

Uppi ein taa di store Steinom, e ha taalaa um, e de eit Hak som de ha drigjest ihop lite Jord ti, aa der veks de langt aa mjukt Gras, so de e godt aa liggje, aa de e høvele stort te Lego aat eit Menneskje; der plæga Far min kvile um Daagaann. Den Dagen va de nettupp han hadde lagt se, fyrr han fekk sjaa ein gild Gard tett ogofor Steinen. Du kann veta, at han Far vart forbina[2] paa detta Syne; de flaug ti han trast, at de laut vera ein Huldergard, men han hadde alder vore rædd nogonting, aa so la’e han i Veigen, for han va huga te aa deta, korles de sto te sjaa[3] slike Folk me, da han saag, at dem fannst, aa de hadde han ikkje fyrr trutt. Da han kom burti Garden, saag han ikkje Folk, men de rauk i ei taa Stugom, aa der gjekk han inn. Alting saag ut som paa ein taa di likaste Bondgardom; Skaap aa Døre, Klukkasse aa Bord aa Benkje da ma’ala aa Beggjenn so kvite, at de skjein atti. Framve Omnen helt Kjeringje paa stelle me ein fersk Ost i ei Tægje[4]. „God Dag,“ sa’e han

  1. tvihugad, hugvill.
  2. „forbauset.“
  3. hjaa.
  4. ein Sil eller ei Korg, flettad av Tæger, til aa skilja Mysa ut or Osten.