Side:Segner fraa Bygdom I.djvu/153

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
93

paa Støle va fremmele, aa Bjødnen pla nok vilja hange ette slike. Daa han no kom att te Smettbak aa inki hadde noko anna aa taka paa, svinga han se ofto umkring Bu’e, som Kjeringi aa Baadne henna voro i, men kom han for nemme Bu’aveggi, hende de titt, at Buhunden fauk paa han, aa daa maatte han te Laups. Detta va tile um Sumaren, at dei hadde slik Stri me Bjødne; men daa de lei ut paa Hausten, gjorde dei korki sogo ell høyrde meir gjete hono, aa dei kjende se trygge. Ein Dag va de heiskjele illt Ver, men lel va Gjæsleguten faren te Skogs, aa Buhunden va stødt me i Skogi. Sama Dagen fekk Kjeringi baadnillt, aa eisemal va ho der me Baadno sine. Eit lite Bel ette ho hadde faatt illt, høyrde dei de skreik burte i ein Haug tett ve Vollen. De som skreik va ingin a’n ell den sama Karen, som hadde vore paa Smettbak fyrr um Sumaren aa øy’elagt Krytyr, aa no tenkte han væl, de va best vera aat i Ti’e. Han kom difor radt innaat Bu’nn paa aalljøse Dagi.

Paa Volle gikk de ein stor gild Hest som dei kalla Stø’ingen; han va helden for aa hava stort Vet aa hadde synt de me ofto; han kneggja helde alder, anna de va Faare paa Ferde. Daa Bjødnen drog se innaat Bu’aveggi, kom Hesten i fullt Traav aa vilde hjaalpe Kjeringi. Han slo ette Bjødne aa umkring Veggidn so lengi han orka, men daa han saag, at han inki kunna faa Bjødnen derifraa, sprang han i fljøgande Tan heimover Aasen eit langt Stykki aa uppaa eit høgt Hovda; der sto han aa kneggja, so dei høyrde han heim. Daa Mannen høyrde Kneggingi, sa’e han te Folki: „koss tru de staar te paa Støle no, nær Stø’in-