Hopp til innhold

Side:Segner fraa Bygdom I.djvu/106

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
46

hava, før du ha vore hjaa uss.“ Gjenta tok se daa noko mange Neva me Sylvpe’ing. Daa hona ba væl fara me dai, so kvisska Kønu inn i Øyra henna: „daa du gaar ut igjøno Dydne, so maa du inki gaa midt i men mair paa dai aine Le’enn; før Mannen min e ’ki go før anna en sende ette de ai glohait Jødnstøng, men gakk som e sigi, so raaka han de inki.“ Aa solais gikk de me; Støngi kom ette so berre de frasa taa, henne, men raakte inki hona. So kom ho haimatt te Folki sino aa fortalde ho hadde vore hjaa Haugafolki, aa at ho va gla før ho hadde tiki se so mange Pe’ing, aa no skulde dai faa sjaa. Daa hona tok Pe’ingadn upp, va de inki anna en berre Blo.

Um tvær Ekkju. De va ai Gøng tvær gamle Ekkju, som jamt hadde Slaattelendudn ihop um Sumaren. Ai aitte Ingigjerd[1] aa ai Anne taa dai. Ho Ingigjerd vart ain Dag so sjuk, at ho laut halde ve Sængi; ho hadde de so, at daa ho fekk søt Mjølk, besna ho att. Ho Anne laut daa paa Stølen, der dai hadde den sine, ette Mjølk, aa Vegen dit laag over ain Aas. Paa Vegi attende taa Støle raakte ho paa ait Kvendfolk, som endele hadde vilja faatt ho te fylgt se ain Bustig som laag burt over noko runde Hauga aa store Mosaflæddi; „detta e Bainveg før de,“ sa’e ho; men ho Anne skynte Mainingi henna aa slo Kross før se aa gikk sin Veg. Ho stirde attende, aa daa saag ho, at Kvendfolktyvsa flaugsa over ain Haug so Rova sløng paa henne. Me’a ho Anne va burte, hadde ho

  1. uttal. Injijæl, gamalnorsk Ingigerd. Verd fordanskat til „Inger.“