Side:Salmar og aandelege songar.djvu/6

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


3.
Eigen tone.

Herre Gud Fader, du vaar høgste trøyst,
Me lyfter upp til deg vaar røyst.
Vaar bøn lat koma for deg fram:
Aa spar oss, og tak burt vaar synd og skam!
Gud Fader, miskunna oss!

Kristus, Guds Son, vaar veg til livsens land,
Vaart ljos, vaart liv, vaar hyrding sann,
Ditt blod for oss paa krossen rann,
For syndarar du evig siger vann!
Aa Kristus, miskunna oss!

Herre Guds Ande, guddoms kraft og eld,
Du ljos av ljos, du livsens vell,
Aa lat oss liv og naade faa,
Og ei i vaare synder under gaa!
Guds Ande, miskunna oss!

Etter ein latinsk salme fraa 800.
4.
Tone: Nu beder vi den Helligaand.

No bed me Heilag Anden god
Framfor alt um kristen tru og mod,
So han oss vil vara
I dei tunge tider,