Side:Salmar og aandelege songar.djvu/5

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest



Herrens hus hev ei sin like
I alle heimsens land og rike,
Der samlast sæle natt og dag.
Alle folk kann fritt faa koma,
Paa alle maal skal lovsong ljoma
Fraa alle land og folkeslag.
Dei gamle dit kann gaa,
Dei trøytte kvila faa,
Unge sankast
Ved Andens sus
I Herrens hus
Til lovsong ny som orgelbrus.

2.
Tone: Sions vægter.

Herre Gud i himmelsalar,
Som ser ditt folk i jordheims dalar
Og vernar det med veldig arm,
Du som alt til livet skapte
Og leitar upp dei lam du tapte
Og ber dei heim ved hyrdingbarm:
Sjaa naadig til oss ned
Med frelsa og med fred!
Gud velsigne vaart folk og land
Fraa fjell til strand,
Og ber oss, du, paa allmakts hand!