Side:Salmar og aandelege songar.djvu/3

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
Aalmenne salmar ved gudstenesta.
Til inngang.
1.
Tone: Sions vægter.

Herrens hus hev ei sin like
I alle heimsens land og rike,
Det aldri siga kann i grus.
Elden aldri kann det herja,
For Herren sjølv er vakt og verja
For heilagdomens høge hus.
Det stend so trygt og fritt,
Det lyser vent og vidt
Yver verdi
Som vardeeld
Paa høge fjell
For alle folk til livsens kveld.

Alle som paa Herren kallar
Skal samlast i hans tempelhallar
Og lyfta upp til han si røyst.
Dei som saart paa frelsa ventar
Og ljos fraa Herrens altar hentar
Og lengtar etter Sions trøyst,
Dei fram for Gud skal gaa,
Hans aasyn glade sjaa.