Side:Salmar og aandelege songar.djvu/13

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Herre Krist, me deg vil beda:
Kom med lækjedom og liv!
Kom til oss i sorg og gleda
Og din fred oss alle giv!
Kom til alle hjarto saara,
Som paa syndebyrdi ber!
Tak burt synder, sorg og taara,
Tal din fred til hjarto her!

Høyr oss, Fader, Son og Ande,
Du som evigt var og er!
Fri oss ut or synd og vande,
Rett di hand til alle her!
Kom til gamle, kom til unge.
So vaar sjæl vert sterk og glad!
Daa me syng med glod paa tunge:
Herren er paa denne stad.

Etter Elevine Heede, (d. 1883), norsk lærar.
12.
Tone: Kom hid til mig enhver især.

Gud, lat ditt ord til hjarta gaa
So vaare synder me maa sjaa,
Med hjartesorg dei kjenna,
Og um fraa synd til Jesus snu
Og setja heilt til han vaar tru.
Og aldri fraa han venda!