Side:Salmar og aandelege songar.djvu/12

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


So me dagleg krafter sankar,
Ber for Herren fager frukt.
Lat oss upp mot ljoset traa,
Burt fraa synd og villferd gaa!

Leid oss du paa livsens vegar,
Or vaar stig ryd støytestein!
Giv at me av hjarta tregar
Vaare syndesaar og mein,
So vaar sjæl maa syrgjefull
Kjenna saart si syndeskuld.

Aa tilgiv oss vaare synder
For vaar Frelsars saar og blod!
Du som liv og fred forkynner,
Ver oss naadig, mild og god!
Herrens fred oss alle giv,
Og til sist eit evigt liv!

11.
Tone: Overmaade fuld av naade.

Himmel Ande kom med naade.
Kom med ljos og liv og fred!
Du med guddomsvelde raade,
Kjærleiks kraft lat strøyma ned!
Livsens ord du oss maa tyda,
So det gjer sin gjerning god.
Og me glade det kann lyda.
Fyll vaar sjæl med heilag glod!