Side:Salmar og aandelege songar.djvu/10

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Ver lova, Gud vaar Fader god!
Guds Son, som gav for oss ditt blod,
Gud Heilag Ande, trøystarmann,
Høglova ver i alle land!

Etter ein tysk salme fraa 17. hundradaaret.
8.
Tone: Søde Jesus, vi er her.

Lova Herren, han er nær,
Naar me syngja vil og beda!
Samlast i hans namn me her,
Sjølv han inn til oss vil treda.
Lova Herren, gamle, unge,
Pris hans namn, kvar barnetunge!

Herre, ver oss evigt nær!
Ver oss nær naar sol vil renna
Og naar sol og stjerneher
I den djupe natt skal enda!
Anden din fraa oss ei vike,
Til me ser deg i ditt rike!

Etter B. S. Ingemann, (1789-1862), dansk diktar
9.
Tone : Naglet til et kors paa jorden.

Kjære Fader, me vil beda
At du inn til oss vil treda
Med din Ande og ditt ord!