Side:Rikets tilstand 05.djvu/9

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

2004 kåra til det tredje beste jernbaneselskapet i Europa når det gjeld å vere punktleg i trafikken.

Gjøvikbanen er den første jernbanestrekninga der Samferdselsdepartementet har gjennomført konkurranse om persontransporten. NSB Anbud AS vann konkurransen mot to utanlandske selskap. Konkurranseutsetjinga har gitt eit monaleg betre tilbod til lågare kostnad.

Det er inngått avtale med to selskap om drift av Hurtigruten frå Bergen til Kirkenes. Avtala gjeld for perioden 2005–2012 og har ei ramme på 1 899,7 mill. kroner.

Etter framlegg frå Regjeringa vedtok Stortinget våren 2005 å avvikle eineretten til Posten Norge AS frå 1. januar 2007.

I 2004 var det også ein sterk vekst i flytrafikken. Etter ein del utfordringar er prosessen med flyttinga av Luftfartstilsynet til Bodø no komme inn i eit positivt spor. Både denne flyttinga og flyttinga av Post- og teletilsynet til Lillesand er eit viktig ledd i arbeidet til Regjeringa med å ta heile landet i bruk.

For fjerde året på rad er det forhandla fram jordbruksavtale og reindriftsavtale mellom staten og organisasjonane i næringslivet. Regjeringa la fram eigne proposisjonar for dei to avtalene som fekk tilslutning i Stortinget.

Arbeidet med å desentralisere beslutningsprosessen for sentrale verkemiddel innanfor jord- og skogbruk, blant anna miljø og næringsutvikling, er ført vidare.

Mattilsynet har i 2005 utført hovuddelen av omstillinga som blei sett i gang 1. januar 2004. Det blei i februar 2005 inngått avtale mellom Den norske veterinærforening og staten om klinisk veterinær vakt. Avtala blei følgd opp med ein proposisjon til Stortinget. Etter stortingsbehandlinga er det sett ned eit utval som skal gå gjennom ordninga for klinisk veterinærvakt.

Stortinget har vedteke ny lov om skogbruk. Skogbrukslovgivinga blir med dette modernisert og forenkla.

Arbeidet med å sikre rammevilkår for ein lønnsam fiskeflåte er ført vidare. Det er innført strukturkvotar for havfiskeflåten og for kystfiskeflåten for fartøy over 15 meter. Strukturfondet for kondemnering av fartøy under 15 meter og prøveordninga med driftskvotar for kystflåten er vidareført i 2005.

Ordninga med garanterte fartøykvotar i torskefiskeria er ført vidare, og ho er utvida til også å gjelde andre fiskeslag.

Noreg og EU vidarefører arbeidet med å betre fangstmønsteret for botnfisk i Nordsjøen. Partane er einige om for valtningsstrategiar for sei, torsk, hyse og raudspette, som fastset nivået på bestanden og tiltaksgrenser som gr unnlag for fastsetjing av kvotar.

For å auke bestanden av norsk kysttorsk innførte Fiskeri- og kystdepartementet frå 1. mai 2004 ulike ver netiltak for å avgrense yrkesfiske og fritidsfiske av kysttorsk. Desse vernetiltaka er vidareførte i 2005. Det er også oppretta ei arbeidsgruppe som består av forskarar, fiskarar og for valtarar som skal sjå på fiske og vern av norsk kysttorsk.

Ordningane frå 2004 med fritt fiske etter kongekrabbe vest for 26o A kombinert med eit forbod mot utkast, er vidareførte. For valtninga av krabben vest for denne grensa har som hovudmål å halde bestanden på eit lågmål for å avgrense vidare spreiing.

Det er gjort ein omfattande innsats i det forpliktande kontrollsamarbeidet med EU som er knytt til pelagisk fiske, og med Russland når det gjeld fisket i Barentshavet, der ein frå norsk side prøver å vere ei drivande kraft for utviklinga av samarbeidet.

Havressurslovutvalet leverte si innstilling i juni 2005.

I Revidert statsbudsjett 2005 blei det sett av midlar til utvikling av MAREANO, eit omfattande program som har som mål å kartleggje og gjennomføre grunnleggjande studiar av det fysiske, biologiske og kjemiske miljøet på havbotnen.

Internasjonalt har Noreg fått svært godt gjennomslag for initiativ som er teke for å stykje rolla til dei regionale fiskerifor valtningsorganisasjonane, og å integrere omsyn til økosystemet og biomangfaldet i verkefeltet til desse organisasjonane.

Stortinget har vedteke ny lov om akvakultur.

I 2004 eksporterte Noreg fisk og fiskeprodukt for 28,2 mrd. kroner, som er ein auke på 1,9 mrd. kroner frå 2003. Av dette utgjorde eksport av opp-