Side:Rikets tilstand 05.djvu/8

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Ludvig Holbergs forskingspris blei delt ut for første gong i 2004.

Regjeringa vidareutviklar og styrkjer den heilskaplege tilnærminga til innovasjon og næringsretta forsking som kom til uttr ykk i forskingsmeldinga. Næringslivet og kunnskapsmiljøa blir dregne endå sterkare inn i innovasjonssamarbeidet gjennom eit innovasjonsløft. Dette blir det gjort nærare greie for i Tilstandsrapport for innovasjonspolitikken, som nyleg blei lagd fram.

Nye innovative bedrifter står for ein stadig større del av samla sysselsetjing og verdiskaping. Entreprenørskap og nyskaping er viktig for å sikre omstilling, fleksibilitet og innovasjon i næringslivet. I 2004 hadde vi høg entreprenørskapsaktivitet i Noreg. Veksten har halde fram i 2005, og tal frå Føretaksregisteret for første halvår 2005 viser at det blei etablert over 18 pst. fleire føretak enn i første halvår 2004.

Regjeringa har utropt 2005 til designår for å styrkje marknadsføringa av næringsretta design som verkemiddel i arbeidet med å skape eit nytt og meir innovativt næringsliv.

I statsbudsjettet for 2005 foreslo Regjeringa å etablere nye landsdekkjande såkornfond lokalisert til universitetsbyane. Fonda er eit offentleg-privat samarbeidsprosjekt.

Det er etablert ei byggjelånsgarantiordning for skipsbyggingsindustrien. Ordninga blir administrert av GIEK og blei operativ 1. mars 2005.

Regjeringa vedtok i 2004 at Noreg skal søkje forhandlingar med EU om deltaking i Galileo på EU-sida. Det inneber at norsk romindustri får delta i prosjektet på lik linje med industrien i EU-landa.

Noreg deltok på EXPO 2005 i Aichi i Japan gjennom ein felles nordisk paviljong.

Regjeringa har i forenklingsarbeidet prioritert å få til reduksjonar i kostnadene for næringslivet. Regjeringa har i Handlingsplan for eit enklare Noreg 2005–2009 sett som mål for arbeidet at om ein etterlever regelverket, skal dei administrative kostnadene i næringslivet reduserast med 25 pst. innan utgangen av 2012. Eit av dei viktigaste tiltaka for å nå dette målet er å vidareutvikle Altinn.

I statsbudsjettet for 2005 er det gitt skattelette for reiarlaga for å styrkje konkurranseevna innanfor norsk skipsfart, og det er sett ned eit ekspertuval som går igjennom skatteordninga for norske reiarlag.

Skipssikringsutvalet la fram innstilling om revisjon av sjødyktighetsloven i juli 2005.

I februar 2005 blei det inngått avtale med ISS Norge AS om å selje den resterande eigardelen på 52 pst. som staten hadde i Grødegaard AS.

Forvaltninga av eigarskapen i Mesta AS blei over ført til Nærings- og handelsdepartementet med verknad frå 1. juli 2005.

Regjeringa legg i det langsiktige tryggleiksarbeidet i alle sektorar til grunn ein visjon om at det ikkje skal skje ulykker med drepne eller livsvarig skadde. I 2004 blei 257 menneske drepne i vegtrafikken, mot 280 i 2003. Tre personar omkom i jernbaneulykker i 2004 og éin i luftfartsulykker.

I arbeidet for trafikktr yggleik har ein prioritert tiltak mot møte- og utforkjøringsulykker og ulykker med mjuke trafikantar, særleg tiltak retta mot barn og ungdom. I 2005 er særleg informasjonskampanjane Bruk bilbelte og Stopp og sov sette i fokus.

Ei ny føraropplæring tok til å gjelde 1. januar 2005. Trafikktryggleiksarbeidet vil bli ytterlegare styrkt ved at ansvarsområdet for Havarikommisjonen for sivil luftfart og jernbane frå 1. september 2005 blei utvida til også å gjelde vegsektoren.

Innføring av det nye tr yggingssystemet for nødkommunikasjon, GSM-R, på heile det norske jernbanenettet går etter planen, som går ut på at arbeidet skal være ferdig i 2007. Første fase av utbygginga blei ferdigstilt i 2004.

Strukturen for transportberedskapen blei endra frå 1. juli 2005. Tryggings-, sårbarheits- og beredskapsomsyn skal no innarbeidast ved planlegging, utbygging og drift av transportsystemet.

Regjeringa har arbeidd aktivt med å betre kollektivtransporten og redusere bilbr uken, særleg i dei største byane. Målet er å auke farten for buss og trikk i hovudstadsområdet med 20 pst. Arbeidet med å nå dette målet går som planlagt.

2004 blei eit svært godt år for jer nbanen, med sterk trafikkvekst og økonomisk resultatforbetring både for person- og godstrafikken. NSB AS blei i