Side:Rikets tilstand 05.djvu/4

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

fekk brei støtte under drøftinga i Stortinget i juni 2005. Meldinga beskriv dei nye framtidsutsiktene, som først og fremst er knytte til dei store petroleumsreservane som ein reknar med finst på havbotnen. Gjennom utlysinga av 64 blokker i Barentshavet og Norskehavet i den 19. konsesjonsrunden er grunnlaget lagt for ny aktivitet og verdiskaping i nord.

Den økonomiske politikken til Regjeringa er basert på ei gradvis og langsiktig innfasing av petroleumsinntektene i økonomien. Den økonomiske politikken skal samtidig bidra til ei stabil utvikling i produksjon og sysselsetjing. I framlegget til revisjon av 2005-budsjettet la Regjeringa opp til ein reduksjon i br uken av petroleumsinntektene med 1,1 mrd. kroner, eit framlegg Stortinget slutta seg til.

Noregs Bank sette opp styringsrenta med 1/4 prosentpoeng først i juli til 2,0 pst.

Auka rente, høgare oljepris og sterk utvikling i norsk økonomi har ført til at kronekursen har styrkt seg gjennom året. Målt etter konkurransekursindeksen var kursen i juni, juli og august i år i gjennomsnitt 1 1/2 pst. høgare enn i perioden oktober–desember i fjor.

Talet på dei som er registrerte som ledige, held fram med å gå ned. Ifølgje Aetat var det ved utgangen av august registrert 88 100 heilt ledige ved arbeidskontora, som svarer til 3,7 pst. av arbeidsstyrken. Dette er 9 800 færre personer enn på same tid i fjor. Arbeidskraftundersøkinga som Statistisk sentralbyrå har utført for 2. kvar tal i år, viser at nivået på arbeidsledige er 0,2 prosentpoeng høgare enn for eitt år sidan.

Det samla sjukefråværet har gått kraftig ned og låg 13 pst. lågare i 2004 enn i 2003. Stortinget behandla i mai 2005 framlegget frå Regjeringa om ei pensjonsreform. Ny alderspensjon skal ha ein god sosial profil og bidra til å jamne ut inntektsskilnader. Pensjonsreforma skal stimulere til auka arbeidsinnsats.

Regjeringa ønskjer at mangfaldet av kulturminne i bygder, tettstader og byar skal brukast som grunnlag for levande lokalamfunn i heile landet og har lagt fram ei stortingsmelding om kulturminnevern, som Stortinget har behandla.

Arbeidet med å ta vare på norsk natur er blitt ført vidare ved at det er oppretta fleire nasjonalparkar, landskapsver nområde og naturreservat. Regjeringa har også sikra 28 nye friluftsområde i strandsona og fått inn Geirangerfjorden og Nærøyfjorden på den prestisjetunge lista over verdas kultur- og naturarv.

Regjeringa presenterte ein handlingsplan for reiselivsnæringa i juli 2005. Planen foreslår ei rekkje tiltak innanfor profilering, innovasjon, kompetanse og samarbeid.

Stortinget behandla i mai 2005 stortingsmeldinga om marin næringsutvikling.

Regjeringa har lagt stor vekt på å byggje ut stamvegstrekningar med stor trafikk til fire felt. Dette er viktig for trafikktr yggleiken. Ny bru over Svinesund, som inngår i utbygginga av vegen mellom Oslo og Göteborg, blei opna i juni 2005.

Stortinget behandla i juni 2005 stortingsmeldinga om makt og demokrati. Meldinga gir ein brei gjennomgang av utviklinga og situasjonen for det norske folkestyret i lys av vurderingane frå Makt- og demokratiutgreiinga.

Regjeringa har gjort framlegg om ny lov om of fentleg innsyn i for valtninga for å styrkje offentlegprinsippet og følgje opp den nye § 100 i Grunnlova.

Regjeringa har gjennom ei stor tingsmelding, som Stortinget har behandla, drege opp prinsipp og mål for inkludering og deltaking for innvandrarar og etterkommarane deira i det norske samfunnet.

Regjeringa har beslutta å opprette MiSide, ei personleg nettside der innbyggjarane kan få utført tenester elektronisk og få innsyn i opplysningar det of fentlege har registert om dei.

I 2004 auka talet på barn i barnehagar med 8 353, medrekna ein auke på 480 barn i open barnehage. Ved utgangen av 2004 hadde 14 200 fleire barn heiltidsplass enn ved utgangen av 2003.

Det blir no satsa meir på helsetenesta enn nokon gong før. Det er lagt vekt på organisatorisk utvikling av dei regionale helseføretaka for å sikre gode helsetenester. Ventetida før utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta har vore stabil frå første tertial 2004 til første tertial 2005.