Side:Rikets tilstand 05.djvu/3

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
Melding frå Kongen til Stortinget
om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding

Vi HARALD, Noregs Konge

stadfester:

I samsvar med Grunnlova gir Kongen denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida etter siste melding.

Førebuingane til FN-toppmøtet om tusenårserklæringa og reformer har prega dette året. Noreg har teke aktivt del i forhandlingane om å styrkje FNs arbeid for fred, menneskerettar og utvikling. Regjeringa har sett det som særleg viktig å arbeide aktivt internasjonalt for å hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Dette er eit svært viktig spørsmål sett i lys av den faren som i dag finst for at nye statar og terroristgrupper skal få tilgang til denne type våpen.

På vegner av ei gruppe som yter store bidrag til utviklingssamarbeidet i FN, la Noreg fram eit dokument med konkrete forslag om reformer for FN-innsatsen for utvikling på landnivå. I mai arrangerte Noreg ein internasjonal konferanse om dei integrerte fredsoperasjonane i FN-regi med vekt på balansen mellom FNs politiske, militære, humanitære og utviklingsretta innsats.

Regjeringa har gitt utviklingssamarbeidet høg prioritet. Det gjeld særleg arbeidet for samarbeid om å fremje tusenårsmålet FN har sett seg i kampen mot fattigdom. For 2005 er bistanden fastsett til 0,95 pst. av BNI. Bistand til utdanning, hiv/aids og helse og godt styresett har særleg høg prioritet i utviklingssamarbeidet vårt. Det er lagt fram eit strategisk rammeverk for varig fredsbygging gjennom utviklingspolitiske verkemiddel. Det er også presentert ein ny strategi for rettane til barn og unge og for første gong ein strategi for kultur- og idrettssamarbeid. Regjeringa har sett i gang arbeidet med å gjennomføre Handlingsplan om gjeldslette for utvikling og har arbeidd aktivt for å slette gjelda dei fattigaste landa har til Verdsbanken og IMF. Regjeringa har òg sett ned eit utval som skal greie ut om rolla dei frivillige organisasjonane har i utviklingssamarbeidet og korleis dei medverkar til kampen mot fattigdom.

Regjeringa har ført vidare og forsterka den humanitære innsatsen.

Jordskjelvet i Det indiske havet 26. desember 2004 og den etterfølgjande flodbølgja førte til store øydeleggingar og menneskelige lidingar. Regjeringa har til saman løyvt 1,1 mrd. kroner i bistand til dei ramma områda, med hovudvekt på Sri Lanka og Acheh-provinsen i Indonesia.

Også Noreg blei hardt ramma av flodbølgjekatastrofen. Det er identifisert 84 omkomne nordmenn. Katastrofen viste at det var manglar ved den norske beredskapen for hjelp til nordmenn som blir ramma av katastrofar i utlandet. Regjeringa la på denne bakgrunn i mai 2005 fram ei stortingsmelding om flodbølgjekatastrofen i Sør-Asia og den sentrale krisehandteringa. I meldinga, som fekk brei tilslutning i Stortinget, blir det gjort greie for tiltak for å styrkje evna til å yte hjelp til norske borgarar i utlandet i krisesituasjonar og tiltak for å styrkje krisehandteringa i departementa.

EØS-samarbeidet har fungert godt. Noreg har teke eit medansvar for å byggje fred og stabilitet i Europa gjennom dei nye EØS-finansieringsordningane. Regelverket er på plass, og det er underskrive rammeavtaler med dei 13 mottakarlanda.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om framtidsutsikter og utfordringar i nord, som