Side:Rikets tilstand 05.djvu/14

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Endringar i åndsverklova som skal tilpasse lova meir til den digitale teknologien, tok til å gjelde 1. juli 2005.

Det er lagt fram ein odelstingsproposisjon om endring i lotterilova med sikte på mellom anna å gjere det lettare å handheve forbodet mot pyramidespel.

Regjeringa har begynt arbeidet med å opprette eit eige register for frivillige for å få til ei ordning som kan forenkle dei administrative oppgåvene for frivillig sektor og for dei offentlege aktørane på området.

Det er for 2005 fordelt midlar av overskottet frå Norsk Tipping til idrettsformål med 1 200 mill. kroner og til kultur formål med 400 mill. kroner.

Av fordelinga til idrettsformål er det sett av 671 mill. kroner til idrettsanlegg, 349 mill. kroner til Norges Idrettsforbund og Olympisk komité, 120 mill. kroner til direkte støtte til arbeid for barn og unge i lokale lag og foreiningar og 60 mill. kroner til andre idrettsformål. Av fordelinga til kulturformål er det sett av 160 mill. kroner til den kulturelle skolesekken, 120 mill. kroner til kulturbygg og 120 mill. kroner til frifond.

Gitt på Oslo Slott 7. oktober 2005
Under Vår hånd og riksseglet