Side:Rikets tilstand 05.djvu/13

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

råda som er styrkte i 2005. Gjennom strategien På vei til egen bolig har Regjeringa utvida arbeidet for å forebyggje og få bukt med bustadløysa.

Regjeringa har styrkt innsatsen over for personar som har behov for yrkesretta attføring for å komme i jobb, med ei medviten opptrapping av attføringsinnsatsen som er retta mot definerte målgr upper som sosialhjelpsmottakarar, uførepensjonistar, personar med psykiske lidingar og innanfor arbeidsmarknadstiltaket Varig tilrettelagt arbeid. Stor tinget har vedteke ny lov om arbeidsmarknadstenester.

Ein statusrapport om rusmiddelsituasjonen viser at det er sett i gang mange og ulike tiltak under Regjeringa sin handlingsplan mot rusmiddelproblem 2003–2005. Regjeringa har lagt fram ein ny handlingsplan mot rusmiddelproblem som skal gjelde for 2006–2008.

Regjeringa har trappa opp arbeidet for likestilling og auka tilgjenge for funksjonshemma. Stortinget behandla i juni framlegg frå Regjeringa til lov om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern Eit inkluderande arbeidsliv og vern av helse og tryggleik for arbeidstakarane er dei overordna omsyna i lova. Etter stortingsbehandlinga har Regjeringa sett i gang ei utgreiing om ytringsfridommen dei tilsette har. Regjeringa har også teke initiativ til ei nærare utgreiing av spørsmål som er knytte til skift- og turnusarbeid og er i dialog med partane i arbeidslivet om dette.

Med utgangspunkt i at lov om allmenngjering av tariffavtaler no er teken i br uk og at Tariffnemnda har behandla dei to første sakene om allmenngjering, pågår det ei evaluering av den norske allmenngjeringsordninga.

Arbeidstilsynet og Petroleumstilsynet har intensiver t innsatsen over for utanlandske arbeidstakarar etter EU-utvidinga. Det er løyvt monalege ressursar til dette arbeidet, seinast i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2005.

Regjeringa har etablert eit nært samarbeid med partane i arbeidslivet for å drøfte konsekvensar av EØS-utvidinga og behovet for eventuelt andre tiltak og verkemiddel med omsyn til lønns- og arbeidsvilkår.

Noreg var i mai 2005 vertskap for den fjerde ministerkonferansen innanfor Bologna-prosessen, eit samarbeid mellom 45 land der målet er å skape eit felles europeisk område for høgare utdanning innan 2010.

Noreg har vedteke å delta i felles rammeverk (Europass) for dokumentasjon av kvalifikasjonar og kompetanse i Europa. Utdanningsdirektoratet er utpeikt som nasjonalt Europass-senter.

Det er vedteke ny felles lov for statlege og private høgare utdanningsinstitusjonar. Den nye lova gir eit heilskapleg rammeverk for offentleg godkjent høgare utdanning.

Som oppfølging av arbeidet med å modernisere Statens lånekasse for utdanning er det vedteke ny lov om utdanningsstøtte. Lova legg til rette for ei forenkling av regelverket for Lånekassa og auka automatisering av saksbehandlinga.

Innanfor rammene for kyrkjeordninga er Den norske kyrkja prega av eit omfattande reform- og utviklingsarbeid som tek sikte på å gi kyrkja ei meir rasjonell for valtning og fornya liturgisk liv.

Oppslutninga om verksemda innanfor kyrkja er stabil både når det gjeld medlemstal og deltaking i gudstenester og kyrkjelege handlingar.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om økonomien i Den norske kyrkja.

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design har teke i bruk ein ny utstillingspaviljong på Tullinløkka i Oslo. Nytt museumsbygg ved Eidsvoll 1814, Wergelands hus, blei opna i mai 2005.

Nobels fredssenter blei opna på Vestbanen i Oslo i juni 2005.

Nasjonalbiblioteket flytte i august 2005 inn i rehabilitert bygning på Drammensveien i Oslo. Nybygg ved Riksarkivet og Statsarkivet i Oslo blei opna i september 2005.

Stortinget har vedteke endringar i samelova og stadnamnlova.

Regjeringa har vedteke at kvensk skal reknast som eige språk.

Stortinget har ved behandlinga av stortingsmeldinga om kultur og næring slutta seg til hovudtrekka i meldinga.

Det er sett i gang ein gjennomgang av dei filmpolitiske verkemidla og ei kartlegging og vurdering av den norske filmbransjen.