Side:Rikets tilstand 05.djvu/12

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


eigde av Opplysningsvesenets fond, med sikte på vern.

Regjeringa har følgd opp rovviltmeldinga i tråd med forliket i Stortinget.

Regjeringa har sett i gang arbeid med å kartleggje verkemiddel som kan redusere br uken av trevirke frå truga tropisk regnskog.

I juni 2005 blei stortingsmeldinga om erstatningsordningar for barn i barneheimar og spesialskolar for barn med åtferdsvanskar behandla i Stortinget.

Regjeringa presenterte i mai ein strategiplan mot seksuelle og fysiske overgrep mot barn for perioden 2005–2009. Planen inneheld 22 tiltak. Rettleiaren Formidling av opplysningar og samarbeid der barn blir utsette for vald i familien, blei lagd fram i juni 2005.

Regjeringa kom i juni 2005 med framlegg til endringar i barnelova om mellom anna styrking av meklingsordninga, tiltak for å verne barn mot overgrep, indeksregulering av tilbakebetalt barnebidrag m.m.

Regjeringa gjorde i juni 2005 framlegg om å innføre plikt for skolar til å melde frå til trygdekontoret om barn som har fråvær som kan skuldast utanlandsopphald, og framlegg om innstramming av retten til barnetrygd ved utanlandsopphald.

Fedrekvoten i fødselspengeordninga er utvida frå fire til fem veker frå 1. juli 2005. Utvidinga er ei forlenging av den totale stønadsperioden ved fødsel og adopsjon.

Frå 1. juli 2005 er kontantstøtteordninga endra slik at foreldre som adopterer, har rett til kontantstøtte i to år uavhengig av aldersgrensa på tre år, så lenge barnet er i førskolealder. Adoptivforeldre har dermed fått same valfridom som andre foreldre.

Regjeringa kom i juni 2005 med framlegg til ei forenkling og forbetring av fødselspengeordninga.

FNs kvinnekonvensjon er blitt inkorporert i likestillingslova med verknad frå 1. juli 2005. Formålet med dette er å gi kvinnekonvensjonen ein sterkare rettsleg status i Noreg som eit sentralt menneskerettsinstr ument i kampen mot diskriminering og for å oppnå likestilling.

For å stå betre rusta til å møte ein eventuell pandemisk influensa har Stortinget løyvt 210 mill. kroner ekstra. Det internasjonale samarbeidet på helseberedskapsområdet er også styrkt.

Regjeringa la i mars i år fram ei stortingsmelding om legemiddelpolitikken.

Dei sentrale kvantitative måla i opptrappingsplanen for psykisk helse er i ferd med å bli nådde. Det er gitt signal til tenesteapparatet om behovet for auka satsing på dei kvalitative aspekta.

Investeringsnivået i sjukehussektoren er høgt. Det vil bidra til eit godt og tidsmessig sjukehustilbod.

Regjeringa har sett i gang ei brei evaluering av sjukehusreforma som skal gi ei heilskapleg vurdering av korleis helseføretaksmodellen verkar, kor eigna han er og kva resultat han har gitt.

Lønnsoppgjera i 2005 var i dei fleste tariffområda oppgjer for det andre avtaleåret. Forhandlingane mellom LO og NHO blei gjennomførte som eit samordna oppgjer, og det blei semje om eit generelt tillegg og i enkelte område eit lågtlønnstillegg. Rammene i oppgjeret mellom LO og NHO blei i hovudsak følgde i dei andre oppgjera, og i dei fleste oppgjera blei partane samde i forhandlingane.

I drøftingane om pensjonsreguleringa mellom staten, Norsk Pensjonistforbund, LO og Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon blei det semje om ei regulering av grunnbeløpet i folketrygda frå 1. mai 2005.

Stortinget vedtok i mai 2005 framlegget frå Regjeringa til ny arbeids- og velferdsforvaltning. Det skal opprettast ein ny statleg arbeids- og velferdsetat, og dagens tr ygdeetat og Aetat vil bli nedlagde. Det skal vidare etablerast ei felles førstelinjeteneste i samarbeid mellom stat og kommune, med eit arbeids- og velferdskontor i kvar kommune.

Regjeringa har følgt opp forpliktingane i forhold til oppfølging av intensjonsavtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv.

Regjeringa har ført vidare og trappa opp den særlege innsatsen for å forebyggje fattigdom og å hjelpe personar ut av fattigdom. Arbeidsretta tiltak for langtidsmottakarar av sosialhjelp og innvandrarar, oppfølgingstenester for bustadlause, tiltak mot fattigdom mellom barn og unge i større bysamfunn og tiltak for barnefamiliar er mellom dei innsatsom-