Side:Rikets tilstand 05.djvu/11

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Stortinget behandla i mai 2005 ei stortingsmelding om erstatningsordningar for krigsbarn og romanifolk/taterar, og eldre kvenar og samar som ikkje har fått den utdanninga dei har hatt krav på.

Regjeringa har sett i gang eit arbeid for å styrkje situasjonen for offer og pårørande i straffesaker.

Det internasjonale samarbeidet mot datakriminalitet er styrkt ved at Noreg har slutta seg til Europaråd-konvensjonen mot datakriminalitet og gjennomført han i lovgivinga.

Det blei gjennomført ei sivilt leidd redningsøving på Finnmarkskysten i september 2005, Barents Rescue, med brei nasjonal og internasjonal deltaking og militær støtte frå Russland, Sverige, Finland, Danmark, Storbritannia og Noreg. Dette er den største sivilt leidde øvinga i sitt slag som nokon gong har vore gjennomført i Norden.

Kommunesektoren har gjennomgått store endringar dei siste åra. Regjeringa moderniserer kommunesektoren først og fremst ved å gi gode rammevilkår, auka lokal handlefridom og føreseielege forhold. I tillegg har Regjeringa sett i gang ei rekkje omstillings- og utviklingsprosjekt som skal leggje til rette for robuste kommunar som skal kunne møte dei behov og ønske som innbyggjarane har.

Kommunal- og regionaldepartementet og KS sette hausten 2003 i gang prosjektet Framtidas kommunestr uktur – kommunar med ansvar for eiga utvikling, der alle kommunane gjennom regionale prosessar og konsekvensutgreiingar vurderte endringar i kommunestrukturen. Prosjektet blir leidd av KS, og blei for kommunane avslutta med kommunestyrebehandling sommaren 2005.

Det er gjort endringar i utlendingslova som mellom anna inneber at departementet no kan gi generelle instruksar til Utlendingsdirektoratet.

Som ei følgje av at talet på personar som søkjer asyl i Noreg har gått kraftig ned dei to siste åra, er mange mottak for asylsøkjarar lagde ned. For å betre tilbodet til asylsøkjarar med særskilde hjelpebehov, er det oppretta fire forsterka mottak eller mottaksavdelingar.

Stortinget har vedteke ei lov med forbod mot diskriminering på gr unn av etnisitet, nasjonalt opphav, avstamming, hudfarge, språk, religion og livssyn.

Stortinget har vedteke ei ny lov om statsborgarskap, som vidarefører og understrekar prinsippet om at den enkelte berre skal ha eitt statsborgarskap.

Nykomne innvandrarar fekk frå 1. september 2005 rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

Regjeringa har lagt fram miljøhandlingsplan for bustad- og byggsektoren for 2005–2008.

Stortinget har etter framlegg frå Regjeringa vedteke lovregulering av utbyggingsavtaler.

Hovudtyngda av dei nye burettslovene tok til å gjelde 15. august i år.

Bygningslovutvalet har lagt fram den andre og avsluttande delutgreiinga. Utvalet har gjennomført ein total gjennomgang av bygningslovgivinga.

Regjeringa og Sametinget har inngått avtale om konsultasjonar i saker som direkte kan få noko å seie for samane som urfolk. Avtala er i tråd med folkerettslege forpliktingar.

Den regjeringsoppnemnde Distriktskommisjonen leverte innstilling i oktober 2004. Utgreiinga var eit viktig innspel til stortingsmeldinga om regionalpolitikken, som blei behandla i Stortinget i juni 2005.

Regjeringa dobla fondskapitalen til Norsk kulturminnefond, frå 200 mill. kroner til 400 mill. kroner, i Revidert nasjonalbudsjett 2005. Det er eit første steg i den varsla opptrappinga av fondet.

Lova om klimakvotar tok til å gjelde 1. januar 2005. Med dette har Noreg eit tilnærma heilskapleg verkemiddelapparat for klimagassutslepp.

Det er vedteke ny lov om eigedomsregistrering. Regjeringa har i arbeidet med ein heilskapleg for valtningsplan for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten gjennomført eit omfattande utgreiingsarbeid og breie konsultasjonar over for dei interessegruppene det gjeld.

Regjeringa har retta ein særleg innsats mot utslepp av miljøgifter. Nye handlingsplanar mot kvikksølv og perfluoroktanylsulfonat har styrkt innsatsen mot desse miljøgiftene.

Regjeringa har sett i gang ein prosess for å kartleggje miljøverdiar på skogareal som er