Side:Rikets tilstand 05.djvu/10

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

drettslaks og -aure 12,3 mrd. kroner. Produksjonen av laks og aure auka med 13 000 tonn i 2004 samanlikna med 2003.

Stortinget behandla i mai stortingsmeldinga om tryggleik på sjøen og oljevernberedskap.

Regjeringa har sluttført dei viktigaste punkta i handlingsplanen for styrking av konkurransepolitikken. Stor tinget behandla i mai 2005 ei stortingsmelding om konkurransepolitikken.

Portalen Norge.no blei relansert av moderniseringsministeren i juni 2005. Norge.no er ein informasjons- og tenesteportal som er utforma med utgangspunkt i dei behova innbyggjarane har, der kommune og stat blir oppfatta som ein heilskap.

Regjeringa har vedteke at alle statlege verksemder skal gjere bruk av ei felles of fentleg løysing for elektronisk signatur for å kunne tilby avanserte elektroniske tenester til brukarane.

Strategiplanen eNoreg 2009 blei lagd fram i juni 2005. eNoreg 2009 formulerer og synleggjer IT- politikken og er handlingsorientert med mål som er tydelege og kan etterprøvast.

I samband med arbeidet med etiske retningslinjer for statsforvaltninga er det utarbeidd reglar som gjeld karantene og saksforbod ved overgang mellom visse typar stillingar.

For å bidra til eit arbeidsliv som fungerer betre, er regelverk som gjeld statstilsette, harmonisert med den nye arbeidsmiljølova.

Lov om visse forhold som gjeld dei politiske partia, blei vedteken i juni 2005. Lova sikrar publikum betre innsyn når det gjeld dei inntektene dei politiske partia har, og ho tok til å gjelde 1. juli 2005.

Regjeringa la fram ein handlingsplan for modernisering i juni 2005. Dette vil gi borgarane større valfridom og eit enklare møte med det offentlege, og samtidig frigjere ressursar til gode velferdsløysingar.

Viktige delar av skattereforma er no vedteken med mellom anna nye reglar for skatt på aksjeinntekter. Skattereforma vil gi eit betre skattesystem som vil medverke til auka verdiskaping, mellom anna ved at det blir meir lønnsamt å arbeide.

Regjeringa har arbeidd for å tilpasse rammevilkåra for finans- og verdipapirmarknadene til utviklinga innanfor ein felles europeisk marknad og for å sikre nødvendig tillit og stabilitet. Det er mellom anna vedteke nye lovreglar om pensjonsføretak, livsforsikring, forsikringsformidling, sikringsordning for skadeforsikring, finansgrupper, utferding av pantesikra obligasjonar, betalingar på tvers av landegrensene, marknadsmisbr uk i verdipapirmarknaden, prospektkrav og kontroll med rekneskapane til børsnoterte føretak.

Det er vedteke endringar i rekneskapslovgivinga som legg til rette for å føre årsrekneskap i samsvar med internasjonale rekneskapsstandardar. Stortinget har vedteke ei omfattande ny lov om mekling og rettargang i sivile saker som skal fremje rettstr yggleik og effektivitet i den sivile rettspleia.

Noreg har styrkt menneskerettane ved å slutte seg til protokoll nr. 13 i den europeiske menneskerettskonvensjonen om avskaffing av dødsstraff og protokoll nr. 14 om endring av kontrollsystemet i konvensjonen. Protokollane er inkorporerte i menneskerettslova.

På grunnlag av utgreiingar frå Samerettsutvalet og framlegg frå Regjeringa har Stortinget vedteke lov om forhold som gjeld retten til grunn og naturressursar i Finnmark fylke og for valtninga av dei.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om kva rolle og oppgåver politiet skal ha.

Regjeringa har i lys av hendingane dei siste åra styrkt innsatsen for forebygging av og kampen mot organisert kriminalitet og terror. Det er mellom anna lagt ned mykje arbeid i samband med etterforsking og iretteføring av NOKAS-saka. Det er vedteke reglar som tillet politiet å ta i bruk nye metodar, som romavlytting og bruk av tvangsmiddel, for å hindre alvorleg kriminalitet. Det er også oppretta eit nytt særorgan – Nye Kripos – og eit nasjonalt statsadvokatembete som skal gjere kampen mot alvorleg og organisert kriminalitet meir slagkraftig.

Etter framlegg frå Regjeringa har Stortinget vedteke utbygging av eit nytt digitalt radiosamband fornød- og beredskapsetatane. Første utbyggingsområde er i politidistrikta Follo, Romerike, Oslo, Asker og Bærum, Søndre Buskerud og Østfold.

Regjeringa har lagt fram handlingsplanen mot barne- og ungdomskriminalitet for perioden 2005–2008.