Side:Rikets tilstand 04.djvu/9

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

ten er ført vidare for å betre lønnsemda for fartøya og skape grunnlag for for nying. Einings- og strukturkvoteordningar er innførte for så å seie alle fartøy over 15 meter.

Noreg og EU vidarefører arbeidet med å betre fangstmønsteret for botnfisk i Nordsjøen.

Det er sett i verk vernetiltak for å auke bestanden av norsk kysttorsk.

Ved årsskiftet 2003/2004 vart det tildelt 50 nye konsesjonar for oppdrett av laks og aure. Våren 2004 vart det også for første gong utlyst konsesjonar for havbeite av kamskjell og hummar etter den nye havbeiteforskrifta. Det vart sett ei ramme på 20 løyve for kvar havbeiteart.

Som ledd i arbeidet med ei meir effektiv og forenkla kontrollform i oppdrettsnæringa vart det i mars 2004 fastsett eiga forskrift om krav til internkontroll som oppfyller akvakulturlovgivinga.

Regjeringa har forenkla gjeldande reglar for flytting av konsesjonar til oppdrett av matfisk av laks og aure, som mellom anna inneber at det er opna for flytting over kommunegrenser.

I 2003 eksporterte Noreg fisk og fiskeprodukt for om lag 26,3 mrd. kroner, som er ein nedgang på 2,4 mrd. kroner i forhold til året før. Reduksjonen skuldast nedgang i prisen for enkelte fiskeslag.

Det rådgivande utvalet for marin verneplan overleverte framlegget sitt i juni 2004.

Forhold som gjeld fiskehelse, fiskevelferd og tryggleik og kvalitet ved sjømat, har fått aukande merksemd ved internasjonal handel med sjømat. Arbeidet på dette området er derfor intensivert.

Som grunnlag for for valtningsplanen for Barentshavet har ein mellom anna greidd ut konsekvensane av fiskeriaktivitet og skipstrafikk. Utgreiingane vart sende på omfattande høyring i juni 2004.

Regjeringa har ført vidare og styrkt ytterlegare satsinga på marin forsking. Det gjeld særleg arbeidet for å identifisere og realisere synergipotensialet mellom landbruksforsking og marin forsking. Prosjektet Blå-grønn matallianse er sett i gang for å greie ut ulike modellar for organisering av forskinga innanfor desse sektorane.

Regjeringa arbeider aktivt for å styrkje tryggleiken til sjøs. Det er oppretta ein statleg slepebåtberedskap for Nord-Noreg, og det er innført seglingsleier for skip med farleg og for ureinande last på dei mest utsette områda utanfor Finnmark. Dialogen med det russiske transportministeriet om vidareutvikling av samarbeidet på området for sjøtryggleik og oljevernberedskap har halde fram i 2004. Prosjekteringa av ein trafikksentral for Nord-Noreg i Vardø er sett i gang.

Oppryddinga av oljefor ureining etter den tragiske Rocknes-ulykka utanfor Bergen vinteren 2004 vart avslutta sommaren 2004. Det er sett i gang ei evaluering av ulykka.

Stortinget vedtok ei ramme på 50 mill. kroner i fiskeristøtte for 2004 etter at det vart brott i forhandlingane mellom staten og Norges Fiskarlag. I tråd med stortingsvedtak i juni 2004 er hovudavtala for fiskerinæringa mellom staten og Norges Fiskarlag sagt opp med verknad frå 1. januar 2005.

I lønnsoppgjera i LO/NHO-området, som i stor grad danna mønster for dei andre oppgjera, vart det gitt generelle tillegg og i enkelte område låglønnstillegg. Oppgjera i staten og kommunane blir gjennomførte som sentrale forhandlingar, og partane vart samde etter mekling.

I drøftingane om pensjonsreguleringa vart det semje mellom staten, Norsk Pensjonistforbund og Landsorganisasjonen i Noreg om reguleringa av grunnbeløpet i folketrygda frå 1. mai 2004. Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon valde å ikkje slutte seg til avtala.

Ny konkurranselov tok til å gjelde 1. mai 2004. Lova har forbod mot konkurranseskadelege handlingar samt meldeplikt for fusjonar og skjerpa sanksjonsreglar.

Nye lovreglar som opnar for konkurranse i marknaden for kommunale pensjonsordningar tok til å gjelde 1. januar 2004.

Lov om samanslåing av sikringsfondet til spare- og forretningsbankane tok til å gjelde 1. juli 2004.

Regjeringa har gjort framlegg om ny lov om bokføring og lovframlegg om innføring av internasjonale rekneskapsstandarder.

Regjeringa har komme med framlegg til ny lovgiving om livsforsikringsverksemd basert på nye prinsipp for overskottsdeling.

Etter framlegg frå Regjeringa har Stortinget vedteke ei ny lov om finansiell trygdgiving. Lova