Side:Rikets tilstand 04.djvu/8

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

skal skje ulykker med drepne eller livsvarig skadde.

I 2003 var automatisk trafikkontroll (ATK) i drift i alle fylke, med over 280 fotoboksar på ei vegstrekning på over 1 100 km.

For å betre trafikktr yggleiken er det frå 1. januar 2004 innført eit system med prikkbelastning av førarkort. Nye forskrifter for førarkort og føraropplæring vart sette i verk 1. mars 2004.

Gjennom ei ny belønningsordning har Regjeringa tildelt 75 mill. kroner til drift og investeringar i lokal kollektivtransport i stør re byområde. Midlane går til tiltak for over føring av trafikk frå personbil til buss og bane.

Både person- og godstrafikken med tog er for første gong på fleire år inne i ei positiv utvikling. Særleg har godstrafikken med jernbane hatt ein markant auke, noko som er positivt for miljøet og trafikktryggleiken.

Det nye tryggingssystemet for nødkommunikasjon på jernbane, GSM-R, er utbygd og teke i bruk for første gong i Noreg på strekninga Bodø–Rognan. I 2004 blir GSM-R utbygd vidare på Rørosbanen, Raumabanen og resten av Nordlandsbanen.

Det er gjennomført tiltak mot støy langs veg- og jernbanenettet. Grenseverdiane for støy som er fastsette i forskrifta i for ureiningslova, vil i hovudsak vere nådde i 2004. Ekspertgruppa som Samferdselsdepartementet sette ned for å vurdere potensialet og tiltak for 0-utsleppsteknologi i transportsektoren la fram rapport i mai 2004.

For å gi eit betre tilbod i drosjenæringa har eit framlegg om at offentlege styresmakter ikkje lenger skal regulere talet på drosjeløyve, vore ute på høyring. Det er gjort framlegg om at dagens behovsprøving skal bli erstatta av ei ordning som byggjer på kvalifikasjonar.

For å sikre at kjøp av transporttenester på kyststrekninga Bergen–Kirkenes ikkje blir unødvendig kostbare, er ruta lagt ut på anbod for perioden 2005–2012.

Regjeringa har sendt på høyring eit framlegg om å oppheve eineretten for Posten Noreg AS frå 1. januar 2007.

Effektiviseringa og omorganiseringa av Statens vegvesen blir gjennomført som føresett. Det er venta monalege økonomiske gevinstar som vil komme trafikantane til gode.

Avinor AS har begynt på ei omfattande omstilling med sikte på å redusere driftskostnadene. Omstillinga vil gjere selskapet betre i stand til å vidareutvikle flyplassnettet i alle delar av landet.

Eigarskapen til Flytoget AS vart 1. juli 2004 overført frå Samferdselsdepartementet til Nærings- og handelsdepartementet.

Flytrafikken målt i talet på passasjerar som har komme og reist over norske lufthamner, viste i 2003 ein auke på 2,4 pst. samanlikna med 2002. I første halvår 2004 har flytrafikken auka ytterlegare.

Det er forhandla fram ei jordbruksavtale mellom staten, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag og ei reindriftsavtale mellom staten og Norske Reindriftsamers Landsforbund. Regjeringa la fram eigne proposisjonar for dei to avtalene som fekk tilslutning i Stortinget.

Mattilsynet vart oppretta 1. januar 2004. Det skal ha eit samla ansvar for å følgje matvarene gjennom heile produksjonskjeda frå innsatsvarer til ferdig mat. Matforvaltningsreforma er basert på ei modernisert lovgiving og ei effektiv organisering som tek vare på heilkjedeperspektivet.

Det er gjennomført ein omfattande forenklings- og desentraliseringsprosess knytt til tilskottsordningar på jord- og skogbr uksområdet. Fleire tilskottsordningar er slått saman og avgjerdsmakta for midlane er flytta frå fylkesmannen til kommunane.

Det er gjennomført eit større strategiarbeid for Statskog SF. Framover vil føretaket bruke areala sine meir aktivt til viktige samfunnsoppåver som skogvern, friluftsformål og lokal næringsutvikling.

Den nye konsesjonslova tok til å gjelde 1. januar 2004. I den nye lova er arealgrensa for kjøp av eigedom med hus på heva til 100 dekar når ikkje meir enn 20 dekar av dei er fulldyrka mark. Vidare er priskontrollen fjerna for eigedommar det bur folk på, som blir selde for 750 000 kroner eller mindre.

Det er innført garanterte kvotar i fisket etter torsk for heile kystflåten. Det gjer det mogleg med tilpassing til eige driftsmønster, reduksjon i kappfiske og til å leggje større vekt på kvalitet.

Arbeidet med å betre driftsvilkåra for fiskeflå-