Side:Rikets tilstand 02.djvu/7

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Produksjonen av olje, gass og våtgass var i 2001 drygt 252 mill. Sm³ oljeekvivalentar. Det er ein auke på vel 3 pst. i forhold til året før. I dei første månadene i år har den samla produksjonen vore høgare enn på same tid i fjor. Det skuldast i hovudsak auka eksport av naturgass.

Petroleumssektoren har ein sentral plass i norsk økonomi. I fjor stod sektoren for 23 pst. av den samla verdiskapinga i landet, 45 pst. av eksportverdien og 22 pst. av realinvesteringane. Inntektene frå sektoren svara til 32 pst. av dei totale inntektene staten hadde same året.

Verdien av olje- og gasseksporten var i 2001 på om lag 300 000 mill. kroner. Det er om lag det same som året før. Den netto kontantstraumen til staten frå petroleumsverksemda var på 243 000 mill. kroner i 2001.

Det var knytt stor uvisse til utviklinga i oljeprisen hausten 2001. For å bidra til å stabilisere oljemarknaden og hindre at oljeprisen fall til eit uønskt nivå vart den norske oljeproduksjonen redusert med 150 000 fat pr. dag i første halvår 2002. Tiltaket var einsidig og ikkje ein del av ei formalisert avtale med OPEC eller produsentar utanfor OPEC. På grunn av betre balanse i oljemarknaden og forventningar om vekst i oljeetterspørselen i andre halvår vart ikkje produksjonsreduksjonen vidareført utover første halvår.

6,4 pst. av Statens direkte økonomiske engasjement (SDØE) vart våren 2002 selt til Norsk Hydro og andre selskap. Det vart i alt selt delar i 30 utvinningsløyve, og 9 selskap kjøpte delar. Delane vart selde for til saman 8,4 mrd. kroner.

Det er gjennomført tildeling av nytt areal i to omgangar siste året. I Nordsjø-tildelingane 2001 vart til saman 10 blokker, eller delar av blokker, tildelt 12 selskap. I den 17. konsesjonsrunden vart til saman 18 blokker, eller delar av blokker, i Norskehavet tildelt til saman 11 selskap.

Eigarane av gassrøra på kontinentalsokkelen er samde om vilkåra for ein felles eigarstruktur for gasstransportsystemet. Eigarstrukturen skal drøftast og godkjennast av styresmaktene.

Det er sett i gang arbeid for å utforme nye forskrifter om prinsippa for tilgang til rørleidningane og for tariffastsetjing.

EU-direktivet for gassmarknaden er gjennomført i norsk lovgjeving gjennom nødvendige lovendringar.

Gjennom Snøhvitutbygginga er den hittil største og mest omfattande industriutbygginga i Nord-Noreg, og den første store verksemda knytt til olje og gass i landsdelen, eit faktum.

Det er sett i gang arbeid med ei konsekvensutgreiing av heilårig petroleumsverksemd i dei nordlege havområda frå Lofoten og nordover.

Investeringane i elektrisitetsforsyninga var låge også i 2001, om lag 4,8 mrd. kroner. I år med normal nedbør reknar Noregs vassdrags- og energidirektorat med at produksjonen vil være på om lag 119 TWh. I 2001 var produksjonen av elektrisitet 121,9 TWh. Brutto kraftforbruk var 125,5 TWh, det høgaste forbruket som er målt. I meldinga om vasskrafta og kraftbalansen kom Regjeringa med framlegg for å betre tryggleiken i energiforsyninga.

Enova SF har frå 1. januar 2002 fått ansvaret for statens arbeid knytta til satsinga på fornybar energi og energisparing.

Noreg skreiv i juni under ei avtale om å delta i utviklingsfasen av neste generasjon amerikanske jagarfly. Utviklinga av alternative prosjekt skal framleis følgjast tett.

Regjeringa inngjekk i november ein kontrakt om kjøp av 14 helikopter av typen NH-90 til Forsvaret. Kjøpet blir gjort i samarbeid med Sverige og Finland.

Referansetestingsutvalet la i desember fram utgreiinga si om rammevilkåra for verdiskaping i Noreg.

I mai presenterte Regjeringa sin overordna IT-politikk, eNorge 2005. Målet er å medverke til verdiskaping i næringslivet, effektivitet og kvalitet i offentleg sektor og deltaking og identitet. Som eit ledd i dette arbeidet vart det i desember lagt fram ein strategi for eksport og internasjonalisering av IKT-næringa, og i april vart det lagt fram ein strategi for elektronisk innhald. Regjeringa har i aukande grad sett fokus på elektronisk innrapportering frå