skulde taka Vegen. Daa saag eg, at det kom ein Mann til honom, som heitte Naadelærar, og han spurde honom: «Kvi ropar du?» Han svarade: «Eg ser av denne Boki, som eg held i Handi, at eg er dømd til at døya og deretter koma fyre Domen, (Hebr. 9, 27.) og eg finn meg ikkje viljug til det fyrste (Job 16, 21. 22.) og ikkje før til det sidste.» (Esek. 22, 14.) Daa sagde Naadelærar: «Kvi vil du ikkje døya, naar det er slik Vesaldom i dette Liv?» Mannen svarade: «Av di eg ræddast, at denne Byrdi, som ligg paa meg, skal søkkja meg djupare en i Gravi, og eg skal falla i Djupet; (Esai. 30, 33.) og er eg iffje før til at ganga i Fengslet, so er eg helder ikkje før til at ganga til Domen og derifraa til Ref singi, og desse Tankar var det, som fekk meg til at ropa.» Daa sagde Naadelærar: «Naar det er so vo ret med deg, kvi stend du daa her?» Han svarade: «Av di eg ikkje veit kvart eg skal ganga.» Daa gav Naadelærar honom ei Brevrulla, og der var det skrivet dei Ordi: «Fly den komande Vreiden.» (Matt. 3, 7.) Mannen las det og saag helder hugsjuk paa honom Naadelærar og sagde: «Kvart skal eg flya?» Daa sagde Naadelærar og visade med Fingren ut yver ei stor Vidd: «Ser du Porten der burte?» (Matt. 7, 13. 14.) Mannen svarade: «Nei.» Daa sagde hin: «Ser du det skinande Ljoset?» (Salm 119, 105. 2 Petr. 1, 19.) Han svarade: «Eg tykjest sjaa det.» Daa sagde Naadelærar: «Fest Au-
Side:Pilegrimsferd or denne Verdi til den komande.djvu/9
Utseende