Side:Per Sivle - Sogor.djvu/98

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


„Men du kann daa vita at presten skynar det betre han, enn den klokkesmeden!“

Presten! — — var det kann henda ikkje just prestarne som fekk Vaarherre sjølv hengd upp paa krossen? — so dei var rette gutarne lita paa!

Eg veit ikkje kvar eg hadde fenge fat paa tanken soleis skoren. Men nok er det, at dette gjorde det av med han Ola samstundes som det gav stødleik i mitt eige tiltak.

Og fyrr me skildest hadde me avtala at me baae tvo i all mogeleg løynd skulde ganga stad faa oss uppattdøypte.

— Nokre dagar seinare gjekk klokkesmeden framum, nord til Teigen; daa han so ut paa eftansida kom att, vakta me honom upp framme i Lønalunden.

Og den som ikkje lenger var bljug og flamsen, det var eg. — Han Ola berre sa ha og ja han, medan eg gjorde greida for baade honom og meg.

„Ja,“ tok atterdøyparen frami, „jeg tror I nu med rette kan sige med hin kammersvend fra Morland: her er vand, hvad hindrer os i at blive døbte?“

Det var ei tjørn straks inne i skogen, heitte Løna-demma, han meinte paa. Der var det og at han fyrr hadde døypt.

Han ut av vegen og me etter.

Men med same eg fekk sjaa vatnet blenkja millom stuvarne, kom det yver meg ein fælskeleg skjelte, so det var med naudi eg vann halda meg paa fot.

Me fekk bode taka av oss klædi.

Ja, han Ola skal fyrst! meinte eg.