Side:Per Sivle - Sogor.djvu/96

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

ja menn liten bate i naar det like godt var paa den godmordaapen eg var kristna menneskja.

— Eg kjende meg usæl og ille, som hadde eg æveleg ulukka hangande i eit haar yver hovudet. Ei greida laut det paa einkvar maaten verta; for dette var ikkje til aa halda ut.

Og som det leid greip det meg meir og meir ein brennande hug til aa faa tala med klokkesmeden.

— Ja, der ein eftan smeit eg meg av garde; — for han far var sinna paa atterdøyparen som paa han Gamle-Eirik sjølv.

Eg var so heppen aa finna mannen heime og endaa til aaleine; for gardsfolki var enno ute paa slaatteteigen.

Det var med skjelte um hjarta og dirrande kne eg steig inn og fekk ei vesall helsing or munnen.

Kva ærend eg hadde? spurde han.

Og seint um sider fekk han meiningi av stamande ordi mine sanka ihop.

Um eg hadde gjenge for presten?

Nei, eg skulde ikkje fyrr komande aaret.

Han heldt paa ei heil stund spyrja etter um baade dette og dette. Sidan tok han til aa leggja ut um kor sæl den var som skunda seg or Sodoma og rømde til Zoar fyrr eldflaumen kom, — og endaa ei heil regla som eg lite skyna, men di meir kjende meg aga av. So gav han meg nokre smaabøker, og bad meg koma til seg att.

— Heime stal eg meg stunder til aa gruna bøkerne igjenom. Eg tottest finna greidare og greidare meiningi i deim etter kvart, og det vart meg alt vissare, dei synte rette leidi.